«I Couldn't Live Without Your Love» er ein song frå 1966 skriven av Tony Hatch og Jackie Trent og spelt inn av Petula Clark. Han var inspirert av kjærleiksforholdet låtskrivarane hadde på den tida. Clark har sagt at «I Couldn't Live Without Your Love» og «Don't Sleep in the Subway» var favoritthittane hennar.

Bakgrunn Songen vart spelt inn i Pye Studios i Marble Arch med gitaristen Big Jim Sullivan og vokalgruppa The Breakaways. Singelen nådde sjetteplassen på UK Singles Chart og niandeplassen på Billboard Hot 100-lista. «I Couldn't Live Without Your Love» var den første singelen til Clark som nådde toppen av den amerikanske Easy Listening-lista.

Songen vart òg ein hit i Australia (#11), New Zealand (#18) og Rhodesia (#7). «I Couldn't Live Without Your Love» vart ein hit to gonger i Tyskland, først i den originale engelske versjonen (13. plassen) og så igjen på tysk, «So wunderbar verliebt zu sein», på 28. plassen.

Andre versjonar «I Couldn't Live Without Your Love» har òg blitt spelt inn av Patti Brooks, John Davidson, Freda Payne og Mari Wilson.

Salslister Liste (1966)PlasseringAustralia11Den tyske singellista13Den tyske singellista Tysk versjon («So wunderbar, verliebt zu sein»)28New Zealand Singles Chart18UK Singles Chart6US Billboard Hot 1009US Billboard Easy Listening1

Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Couldn't Live Without Your Love» frå , den 3. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Songar frå 1966 Kategori:Singlar frå 1966 Kategori:Petula Clark-songar Kategori:Songar skrivne av Tony Hatch Kategori:Songar på toppen av Billboard Adult Contemporary-singlar Kategori:Songar skrivne av Jackie Trent Kategori:Songar produserte av Tony Hatch Kategori:Pye Records-singlar