mini Tigris-Eufrat-systemet består av Tigris og Eufrat, med sideelvane deira, og dannar eit stort elvesystem i Vest-Asia. Frå kjeldene i Taurusfjella aust i Tyrkia flyt dei gjennom Syria og Irak før dei munnar ut i Persiabukta. Systemet er ein del av den palearktiske økoregionen Tigris–Eufrat, som omfattar Irak og delar av Tyrkia, Syria, Iran, Saudi-Arabia, Kuwait og Jordan.

Frå kjeldene deira og den øvre leia i fjella aust i Anatolia, renn elvane gjennom dalar og kløfter i høglandet i Syria og Nord-Irak, og så over elvesletta sentralt i Irak. Elvane flyt søraustover på sletta og renn saman ved Al-Qurnah der dei dannar Shatt al-Arab og munnar ut i Persiabukta.

Regionen er historisk viktig som ein del av den fruktbare halvmånen, der ein meiner at dei første sivilisasjonane oppstod.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tigris–Euphrates river system» frå , den 22. april 2018. oppgav desse kjeldene:

. . Kategori:Økoregionar i Asia Kategori:Våtmarksområde i Irak Kategori:Sletter i Irak Kategori:Sletter i Iran Kategori:Miljø i Irak Kategori:Miljø i Iran Kategori:Mesopotamia Kategori:Shatt al-Arab-vassdraget Kategori:Myrområde i Asia Kategori:Våtmarksområde i Iran Kategori:Palearktiske økoregionar