«Good Day» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies for albumet Word of Mouth i 1984.

Bakgrunn

Under innspelinga for «Good Day», vart det nytta ein trommemaskin i staden for trommeslagaren Mick Avory, på grunn av konfliktar mellom Avory og Dave Davies. Ray Davies sa om dette:

Utgjeving

«Good Day» vart først gjeven ut på singel i Storbritannia (i tillegg til Danmark, Nederland, Noreg og Sverige) i august 1984 med B-sida «Too Hot». Ein maxi-singel med «Don't Forget to Dance» vart lagt til dei to songane som alt var på 7-tommaren og kom ut i Storbritannia. «Good Day» selde derimot dårleg og kom ikkje inn på singellistene i noko land. I november det året kom songen ut på albumet Word of Mouth.

Ein lengre versjon av «Good Day» finst som bonusspor på somme CD-utgåver av Word of Mouth.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Good Day (The Kinks song)» frå , den 28. april 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Kinks-songar Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Songar skrivne av Ray Davies Kategori:Songar produserte av Ray Davies Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Arista Records-singlar