Glad All Over er debutalbumet til den engelske rockegruppa The Dave Clark Five. Epic Records gav ut albumet i mars 1964 i USA for å utnytte suksessen til tittelsporet . Trass i at plateomslaget seier «Featuring Bits and Pieces», vart ikkje singelen ein hit før to månader seinare. Albumet inneheld somme av hittane deira, som «Glad All Over», «Bits and Pieces» og «Do You Love Me». I Canada vart albumet gjeve ut som Bits and Pieces på Capitol Records.
Mottaking
I meldinga si for AllMusic skreiv Richie Unterberger «Det første albumet til The Dave Clark Five kan verke litt tynt når ein ser bort frå at det var blant det aller første som kom i den britiske bølgja. På den tida var det ein ganske så frodig vinyl som rocka ganske hardt og sette tre singlar inn på Topp 10. Det inneheld eit par bra, men ikkje veldig bra songar som ikkje kom med på samleplater: «I Know You», «Twist and Shout»-etterlikninga «No Time to Lose» og den overraskande rå instrumentalen «Chaquita», ein inversjon av «Tequila». Det er definitivt blant dei beste albuma deira, men det tyder ikkje at det er så veldig bra av den grunn.»
Innhald
Medverkande The Dave Clark Five Dave Clark: trommer, korvokal Mike Smith: klaverinstrument, solovokal Lenny Davidson: gitar, korvokal Rick Huxley: bassgitar, korvokal Denis Payton: saksofon, korvokal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Glad All Over (Dave Clark Five album)» frå , den 29. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:The Dave Clark Five-album Kategori:Debutalbum frå 1964 Kategori:EMI Columbia Records-album Kategori:Epic Records-album