Wild Life er debutalbumet til Wings og det tredje studioalbumet til Paul McCartney etter oppløysinga av The Beatles. Albumet vart spelt inn i juli og august 1971 i Abbey Road Studios av McCartney og kona hans Linda i lag med studiotrommisen Denny Seiwell, som dei hadde arbeidd med på det førre albumet, Ram, og Denny Laine, som tidlegare hadde spelt i The Moody Blues. Albumet kom ut på Apple Records den 7. desember i både Storbritannia og USA og fekk lunken mottaking både av kritikarane og kommersielt.
Innspeling I juli 1971 hadde McCartney ei rekkje ferske songar, og det nydanna Wings spelte inn albumet på berre litt over ei veke med tanken om at det skulle vere umiddelbart og rått for å fange det friske og vitale i ei live studioinnspeling. Fem av dei åtte songane vart spelte inn på eitt forsøk. Paul McCartney sa seinare at dei kortvarige innspelingane til Bob Dylan var ein inspirasjon til dette.Garbarini 1980 Den første innspelinga vart halde i Abbey Road Studios den 25. juli.Perasi 2013, p. 66 McCartney vart filma då han spelte «Bip Bop» og «Hey Diddle», på denne tida, som seinare kom med i fjernsynsfilmen Wings Over the World.Miles; Badman 2001
Albumet vart øvd inn i studioet til McCartney i Skottland, kalla Rude Studio, som Paul og Linda hadde brukt til å lage demoar av songane dei skulle ta med på albumet. Sjølve albumet vart spelt inn i Abbey Road med Tony Clark og Alan Parsons som lydteknikarar. Ein kan høyre Paul sei «Take it, Tony» i byrjinga av «Mumbo». Paul song alle songane sjølv, men hadde med seg Linda på «I Am Your Singer» og «Some People Never Know». Denny Laine og Linda McCartney syng korvokal på «Tomorrow».Ingham 2009
På albumet «The Complete Audio Guide to the Alan Parsons Project», fortel Alan Parsons at han laga ein røff miks av «I Am Your Singer» som Paul likte så godt at han brukte denne som den endelege miksen på albumet.
Wild Life inneheld ein reggae-versjon av Mickey & Sylvia sin hit «Love Is Strange» frå 1957. Det vart distribuert ein singel av denne songen i desember 1971, men han kom aldri i sal fordi albumet selde så dårleg.
Utgjeving og mottaking Albumet fekk lunken mottaking då det kom og nådde 11. plassen i Storbritannia og 10. plassen i USA, der det selde til gullplate. I The Beatles: An Illustrated Record skriv Roy Carr og Tony Tyler at albumet er eit «hastverksarbeid, defensivt, med dårleg timing og for mykje omtalt» og skreiv at det synte botnnivået i låtskrivinga til McCartney, «akkurat når han trong litt respekt».Carr; Tyler 1975
Innhald Originalutgåve
The Paul McCartney Collection-utgåva frå 1993
Medverkande Paul McCartney – solovokal, bassgitar, gitar, piano, klaverinstrument, perkusjon Linda McCartney – solovokal (3, 5, 6), klaverinstrument, piano, perkusjon, korvokal Denny Laine – gitar, bassgitar, perkusjon, klaverinstrument, korvokal Denny Seiwell – trommer, perkusjon
Teknisk Alan Parsons og Tony Clark – lydteknikar
Salslister
Vekeslister Liste (1971/72)PlasseringAustralske Kent Music Report Chart3Canadian RPM Albums Chart5Den nederlandske albumlista6Den japanske Oricon-lista15Norwegian VG-lista Albums Chart4Den spanske albumlista 2Swedish Kvällstoppen Albums Chart Note: Kvällstoppen combined sales for albums and singles in the one chart. Wild Life peaked at the number-five on the hit parade on 11. januar 1972.3UK Albums Chart11US Billboard 20010US Cash Box Top 100 Albums6US Record World 100 Top LP's9Den vesttyske Media Control-lista47
Årslister Liste (1972)PlasseringDen australske albumlista24
Salstrofé
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wild Life (Wings album)» frå , den 18. mai 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Apple Records-album Kategori:Wings-album Kategori:Musikkalbum produserte av Paul McCartney Kategori:Album produserte av Linda McCartney Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios