«Young Turks» er ein song av Rod Stewart som først kom ut i 1981 på albumet hans, Tonight I'm Yours. Songen vart spelt i ein ny stil for Stewart, synthpop og new wave. Tittelen «Young Turks» vert aldri nemnt i songen, og i refrenget vert det i staden sunge «young hearts be free tonight», noko som har ført til at songen stundom feilaktig blir kalla «Young Hearts» eller «Young Hearts Be Free».
Musikken til songen vart komponert av Carmine Appice, Duane Hitchings og Kevin Savigar, med tekst skriven av Stewart. Songen var den første singelen frå Tonight I’m Yours, produsert med synthesizer og ein hi-hat spelt over ein trommemaskin. På Billboard Hot 100, debuterte «Young Turks» på 61. plassen den 17. oktober 1981 og låg på femteplassen frå 19. desember 1981 til 9. januar 1982. Songen nådde 11. plassen på UK Singles Chart og nådde Topp 5 i Australia, BElgia Israel (førsteplassen) og Canada. Songen kom ut nokre månader etter MTV gjekk på lufta første gongen, og var den første videoen dei spelte med breakdancing.http://www.songfacts.com/detail.php?id=1501
Medverkande Rod Stewart – vokal Jim Cregan – gitar, korvokal Mark Knopfler – gitar Jay Davis – bass Kevin Savigar – klaverinstrument, synthesizer Duane Hitchings – klaverinstrument, synthesizer Carmine Appice – trommer, korvokal Jimmy «Z» Zavala — saksofon Tony Brock — perkusjon ,korvokal Paulinho da Costa – perkusjon Linda Lewis - korvokal The Penetcostal Community Choir – korvokal
Musikkvideo Videoen var regissert av Russell Mulcahy og korekografert av Kenny Ortega. Han vart filma i sentrum av Los Angeles sommaren 1981. Eit par på flukt («Billy», spelt av Dale Pauley, og «Patti», spelt av Elizabeth Daily) som er nemnt i songen vert vist i lag med ei gruppe dansarar.
Salslister
Vekeslister Listes (1981–1982)PlasseringAustralia (Kent Music Report)3Belgia (VRT Top 30 Flandern)4Canada (CHUM)1Irland (IRMA)9Den israelske singellista1Italia (FIMI)23Sør-Afrika (Springbok Radio)2US Billboard Hot 1005US Billboard Hot Dance Club Play63US Billboard Top Tracks23US Cash Box5
Årslister Liste (1981)PlasseringItalia (FIMI)90
Liste (1982)PlasseringAustralia (Kent Music Report)23Belgia (Ultratop 50 Flandern)43Canada (RPM Top 100 Singles)26Sør-Afrika (Springbok Radio)11US Billboard Hot 10048US Cash Box44
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Young Turks (song)» frå , den 4. juni 2018.
Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Britiske new wave-songar Kategori:Britiske synthpopsongar Kategori:Rod Stewart-songar Kategori:Warner Bros. Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av Russell Mulcahy Kategori:Songar skrivne av Kevin Savigar Kategori:Songar skrivne av Duane Hitchings Kategori:Songar skrivne av Carmine Appice Kategori:Songar skrivne av Rod Stewart