Another Country er det 29. studioalbumet til den britiske songaren Rod Stewart. Det kom ut 23. oktober 2015 på Capitol Records og var produsert av Stewart og Kevin Savigar.
Bakgrunn Det førre albumet til Stewart, Time, kom ut i 2013. Dette albumet bestod av songar skrivne av Stewart og vart ein stor suksess. Stewart sa at det gav han sjølvtillit til å fortsette å skrive songar til eit nytt album.
Låtskriving og innspeling Stewart sa at «Batman Superman Spiderman» vart skriven om godnatthistorier som han fortalde den yngste sonen sin, Aiden Patrick Stewart, om desse tre oppdikta superheltane. Tittelsporet på albumet var inspirert av respekten Stewart hadde for væpna styrkar – noko som var påverka av at han vart fødd kort tid før slutten av andre verdskrigen.
Innspelinga fann stad heime hos Stewart med hjelp av Pro Tools.
Singlar «Love Is» vart gjeven ut som den første singelen frå Another Country den 23. juni 2015. I USA nådde singelen 37. plassen på Adult Contemporary-lista. «Please» og «Way Back Home» vart gjevne ut som singlar høvesvis 1. september og 16. oktober 2015.
Mottaking Another Country fekk middels kritikk hos kritikarane. På Metacritic, som samlar meldingar frå kjende magasin og nettstader og gjev ein normalisert rating frå 0 til 100, fekk albumet ein score på 57, basert på 10 meldingar.
Innhald Alle songane er produserte av Rod Stewart og Kevin Savigar; utanom «Hold the Line» produsert av Stewart, Savigar, RedOne og TinyIsland.
Salslister og salstrofé
Vekeslister Liste (2015) PlasseringTsjekkia (IFPI)18
Årslister Liste (2015) Plassering UK Albums (OCC) 16
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Another Country av Rod Stewart» frå , den 7. juni 2018.
Kategori:Capitol Records-album Kategori:Rod Stewart-album Kategori:Musikkalbum frå 2015 Kategori:Album produserte av Rod Stewart