«No Matter What» er ein song av Badfinger for albumet deira No Dice i 1970, skriven og sungen av Pete Ham og produsert av Mal Evans.
Innspeling Demoversjonen av «No Matter What» vart opphavleg spelt inn av Ham på akustisk gitar og framført med ein mambo-rytme. Ein meir rocka versjon vart spelt inn av Badfinger i mars 1970 og produsert av Mal Evans. Songen vart spelt inn av bandet igjen i april 1970 i Abbey Road Studios og det var denne versjonen som kom ut på albumet og på singelen.
Songen har ein falsk slutt etter det siste refrenget. Etter ein kort pause vert den siste linja repetert to gonger før den siste akkorden kjem.
Utgjeving I USA vart singelen gjeven ut med B-sida «Carry On Till Tomorrow», som var kjenningsmelodien for filmen The Magic Christian. Dette var ei redigert utgåve av versjonen som var på Magic Christian Music. I alle andre land kom singelen ut med B-sida «Better Days» frå No Dice.
Mottaking Songen var den første for Badfinger på den britiske topp ti-lista med ein song dei hadde skrive sjølv. Songen nådde femteplassen der i januar 1971. I USA nådde songen åttandeplassen på Billboard Hot 100. I Sør-Afrika gjekk songen heilt til topps på albumlista.
Andre versjonar Lillian Axe – gjeve ut på singel i 1992 og på albumet Poetic Justice (1992) A – spelt in for Rob Schneider-filmen The Animal (2001) R.E.M. (vokal av Mike Mills) – tilgjengeleg på nettsida deira (2002) Great White – på albumet Recover, spelt inn i 1989 og gjeve ut i 2002 Def Leppard – på singel i 2005 og på albumet Rock of Ages: The Definitive Collection, (2005) og Yeah! (2006) Shaw Blades – for den japanske utgåva av albumet Influence (2007)
Medverkande
Badfinger-versjonen Pete Ham – solovokal, rytmegitar Joey Molland – sologitar, korvokal Tom Evans – bass, korvokal Mike Gibbins – trommer
Def Leppard-versjonen Joe Elliott – solovokal Phil Collen – gitar, korvokal Vivian Campbell – gitar, korvokal Rick Savage – bass, korvokal Rick Allen – trommer
Salslister
Vekeslister Liste (1970–71) PlasseringAustralia8New Zealand (Listener)5
Årslister Liste (1970)PasseringCanada 98 Liste (1971)PasseringAustralia 73UK 46
Kjelder Denne artikkelen bygger på «No Matter What (Badfinger song)» frå , den 10. juni 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1970 Kategori:Singlar frå 1970 Kategori:Singlar frå 2005 Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Mercury Records-singlar Kategori:Badfinger-songar Kategori:Def Leppard-songar Kategori:Songar skrivne av Pete Ham Kategori:R.E.M.-songar