Airwaves er det sjuande studioalbumet til det britiske rockebandet Badfinger frå 1979 på Elektra. Det var eit mykje venta comebackalbum for gruppa på den tida, men gruppa bestod no berre av duoen Tom Evans og Joey Molland frå det originale bandet, akkompagnert av gitaristen Joe Tansin.

Historie

Etter at det siste albumet Badfinger spelte inn, Head First, ikkje kom ut og medlemmet Pete Ham tok livet sitt i 1975, vart Badfinger oppløyst, og dei attverande medlemmane gjekk inn i andre grupper eller slutta å spele musikk dei neste to åra.

Musikarane Joe Tansin (gitar/vokal) og Kenny Harck (trommer) frå Chicago og den då arbeidslause Joey Molland skipa ei ny gruppa i Los Angeles. Molland fekk seinare lokka det tidlegare Badfinger-medlemmet Tom Evans med i bandet. Dei tok etter kvart attende namnet Badfinger, og dette var med på å opne dører hos plateselskapa. Men namnet skapte òg ei ujamn fordeling i bandet mellom dei nye og gamle medlemmane, og etter kvart som innspelinga av albumet tok til, fekk Harck sparken. Den tidlegare Badfinger-trommisen Mike Gibbins prøvespelte for gruppa, men fekk ikkje jobben, og studiomusikaren Andy Newmark vart henta inn for å spele inn trommene for albumet. Songane til Tansin vart stort sett forbigått til fordel for songane av Evans og Molland, og han slutta i gruppa kort tid etter albumet var ferdig.

Albumet er kort og inneheld i røynda berre åtte songar, og fekk nokså dårleg kritikk då det kom ut. Kritikarane har òg klaga på «Vestkyst-produksjonen» til albumet og at det ikkje lenger høyrdest ut som eit Badfinger-album. Bandet turnerte mykje for å marknadsføre albumet, men salstala var dårlege og Elektra ønskte ikkje å gje ut eit album til.

Det vart gjeve ut to singlar frå albumet. «Lost Inside Your Love» gjekk ikkje inn på den amerikanske singellista, men «Love Is Gonna Come At Last» klarte å nå ein 69. plass på Billboard-lista. Sjølve albumet nådde 125. plassen på den amerikanske albumlista.

Innhald

+ Produsert av Joe Tansin ++ Produsert av Joey Molland

Medverkande I følgje plateomslaget. Tom Evans - solo- og harmonivokal, bass Joey Molland - gitar, akustisk gitar, solo- og harmonivokal, elektrisk piano Joe Tansin - gitar, harmonivokal, klaverinstrument, mandolin Ken Harck - trommer, pappyskje Duane Hitchings - synthesizer, akustisk piano Nicky Hopkins - akustisk piano, Hammondorgel Andy Newmark - trommer Steve Foreman - perkusjon, trommer David Campbell - strykearrangement Barry Sperti - saksofon Tom Lecher - bass Harry Pulver jr. - piano Bob Millea - trommer Dean Ford - korvokal Rick Salon - slidegitar Scott Greer - piano

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Airwaves (album)» frå , den 11. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Badfinger-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Elektra Records-album Kategori:Album produserte av David Malloy