«Lost Inside Your Love» er ein song av det britiske powerpopbandet Badfinger. Songen er skriven av bassisten Tom Evans og var den tredje songen ut på albumet Airwaves frå 1979.
«Lost Inside You Love» vart vald ut som den første singelen frå albumet. B-sida til signelen var Joey Molland-songen «Come Down Hard». Singelen selde dårleg og gjekk ikkje inn på singellistene nokon stad. Han vart likevel følgd opp av ein singel til frå albumet, «Love Is Gonna Come at Last», som gjorde det noko betre.
Medverkande Badfinger Tom Evans - solo- og harmonivokal, bass Joey Molland - harmonivokal, gitar Andre medverkande Joe Tansin - harmonivokal, gitar Andy Newmark - trommer Nicky Hopkins - akustisk piano
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Lost Inside Your Love» frå , den 11. juni 2018.
Kategori:Badfinger-songar Kategori:Songar skrivne av Tom Evans Kategori:Songar produserte av David Malloy Kategori:Songar frå 1979 Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Singlar frå 1979