Troy Kemp () er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Nassau i Bahamas som vart verdsmeister i høgdehopp 1995 i Göteborg med eit hopp på 2,37 m.
Aktiv Kemp vart med eit hopp på 2,28 m andremann i dei panamerikanske leikane 1987 i Indianapolis, vinnaren Javier Sotomayor frå Cuba tok seg over 2,32 m. Fire år seinare auka Kemp til 2,32 då dei neste panamerikanske leikane fann stad i Habana, men også her hoppa Sotomayor høgre og med sine 2,35 m tok han sigeren framfor Kemp på andreplass. Tre veker etter, under VM 1991 i Tokyo, kom Kemp på delt femteplass med eit hopp på 2,34 m. I den neste verdsmeisterskapen, i Stuttgart 1993, hoppa han nøyaktig like høgt og vart på ny nummer fem.
Den 12. juli 1995 svinga Kemp seg over 2,38 m under eit stemne i Nice, framleis gjeldande (2018) bahamansk rekord i høgdehopp. Fire veker seinare var han ein av fem utøvarar som smaug seg over 2,35 m i finalen under friidretts-VM i Göteborg. På 2,37 m gjekk Kemp som den einaste over lista i andre forsøk. Regjerande verdsmeister og verdsrekordhaldar Javier Sotomayor klarte same høgda i tredje og siste forsøk, men då både Kemp og Sotomayor reiv alle forsøk på 2,39 m kunne Kemp gjere seg klar til å take imot gullmedaljen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Utslått i kvalifiseringa (2,24 m =nr 17-21) OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (2,19 m =nr 17-21) VM 1991 i Tokyo: Nr 5 – 2,34 m OL 1992 i Barcelona: Nr 7 – 2,31 m VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 – 2,34 m VM 1995 i Göteborg: Gullmedalje – 2,37 m, framom Javier Sotomayor (2,37 m) OL 1996 i Atlanta: Nr 13 – 2,25 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Troy Kemp» frå , den 13. juni 2018.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Bahamanske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996