Live in Japan er eit konsertalbum frå 1973 av supergruppa Beck, Bogert & Appice. Albumet heitte opphavleg Beck, Bogert & Appice Live og vart berre gjeve ut i Japan, og vert av den grunn rekna som sjeldant. Live in Japan var det siste albumet til Beck, Bogert & Appice og det einaste konsertalbumet deira. Få månader etter albumet kom ut vart bandet oppløyst, då Jeff Beck brått valde å slutte.

På albumet kan ein høyre Beck bruke ein Heil talkbox, to år før Peter Frampton gav ut albumet Frampton Comes Alive! (1976). Albumet inneheld songar som opphavleg vart spelt inn av Jeff Beck Group, «Plynth», «Going Down» og «Morning Dew» og ein Yardbirds-song, «Jeff's Boogie».

Innhald

Originalplata frå 1973

40-årsjubileumsutgåva

Medverkande Jeff Beck – gitar, talkbox, solovokal på (8) Tim Bogert – bass, vokal, solovokal på (1,7,10,11,12) Carmine Appice – trommer, vokal, solovokal på (2,3,4,5,6,12)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Live In Japan (Beck, Bogert and Appice album)» frå , den 5. juli 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Beck, Bogert & Appice-album Kategori:Konsertalbum frå 1973 Kategori:Epic Records-album