Anthony James Keith «Tony» Hymas () er ein engelsk klaverspelar og komponist.
Hymas byrja som korsongar i Exeter Cathedral, og då han var ferdig med skulen tok han pianotimar hos Harold Rubens ved Royal Academy of Music. Som pianist for Ballet Rambert skreiv Hymas musikken for Glen Tetley sin Rag Dances i løpet av åtte dagar. Då han slutta hos Rambeert, byrja Hymas å spele som studiomusikar i London i 1970-åra.
Han spelte i lag med Jack Bruce i Jack Bruce Band mellom 1976 og 1978. Hymas vart så ein av musikarane til Jeff Beck, og spelte på den første plata med han i 1980 på albumet There & Back. I løpet av åra har han skrive mange melodiar for Beck, inkludert «Angel Footsteps» og «Brush with the Blues».Katz, Larry (17. mars 1999). Beck is back; Who's returned to rock including a stop at The Orpheum? Who else?, Boston Herald («That somebody was Tony Hymas, Beck's longtime keyboardist. Hymas had written a bunch of tunes, many of which ...»)Tony Hymas Profile, Magna Carta Records, Henta 14. juli 2018 I 1980 henta Hymas og eit anna medlem i bandet til Beck, Simon Philips den skotske songaren Jim Diamond og i lag skipa dei Ph.D., som fekk ein hit i Storbritannia med songen «I Won't Let You Down» i 1982. Gruppa vart oppløyst i 1983 då dei neste singlane deira selde dårleg, og Diamond gjekk attende til ein solokarriere. Hymas fortsette å samarbeide med Diamond på soloprosjekta hans, og duoen gav ut eit tredje Ph.D.-album i 2009 kalla Three, og var aktive fram til Diamond døydde i 2015.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tony Hymas» frå , den 14. juli 2018. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff https://twitter.com/tonyhymasmusic
Kategori:Elevar ved Royal Academy of Music Kategori:Engelske klaverspelarar Kategori:Engelske komponistar Kategori:Engelske pianistar Kategori:Ph.D.-medlemmar