Donald Thomas () er ein bahamansk friidrettsutøvar frå Freeport i Bahamas som i 2007 vart verdsmeister i høgdehopp. Seinare vann han høgdetevlinga i samveldeleikane 2010 og dei panamerikanske leikane 2011.

Thomas vann høgdehopptevlinga under verdsmeisterskapen 2007 i Osaka ved å verte den einaste av fem utøvarar som klarte 2,35 meter i fyrste forsøk. Russaren Jaroslav Rybakov og grekaren Kyriakos Ioannou gjekk over same høgda i andre forsøk, men ingen av dei tre makta gå over 2,37 m og dermed fekk Thomas gullmedaljen.

Thomas sette sin personlege rekord på 2,37 meter ved eit stemne i Székesfehérvár i Ungarn den 18. juli 2016.

Kjelder

World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Donald Thomas» frå , den 18. juli 2018.

Kategori:Bahamanske høgdehopparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020