Patrícia Mbengani Bravo Mamona () er ein portugisisk friidrettsutøvar frå Lisboa som i 2016 vart europameister i tresteghopp, tidlegare vann ho bronsemedaljen i same øvinga ved europameisterskapen 2012. Under dei olympiske sommarleikane 2021 var ho i sitt livs form, presterte personbeste med eit hopp på 15,01 meter og vann sølvmedaljen i tresteg-øvinga.
Aktiv Mamona sette portugisisk rekord med 14,52 meter og vann sølvmedaljen i EM-finalen 2012. Fire år seinare forbetra ho den nasjonale rekorden til 14,58 m og vart europameister ved meisterskapen i Amsterdam. Seinare same sommaren flytta ho rekorden til 14,65 m i OL-finalen 2016, og kom på sjetteplass. År 2021 var Mamona i sitt livs form. Tidleg i i mars kneip ho fyrsteplassen i hall-VM i polske Toruń. Under OL-finalen i Tokyo 1. august 2021 opna ho med å setje landsrekord på 14,91 m, ein rekord ho i fjerde omgangen forbetra til 15,01 meter. Dermed sikra ho seg OL-sølv i øvinga. Yulimar Rojas frå Venezuela var i heilt eiga klasse og sette verdsrekord med eit hopp på 15,67 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2010 i Barcelona: Nr 8 – 14,07 m VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (13,59 m =nr 27) EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 14,52 m, bakom Olha Saladukha (14,99 m) OL 2012 i London:Utslått i kvalifiseringa (14,11 m=nr 13) EM 2014 i Zürich: Utslått i kvalifiseringa (13,62 m =nr 13) VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (13,74 m =nr 16) EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 14,58 m, framom Hanna Knjazjeva-Minenko (14,51 m) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 – 14,65 m VM 2017 i London: Nr 9 – 14, 12 m EM 2018 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (13,92 m =nr 16) VM 2019 i Doha: Nr 8 – 14,40 m OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 15,01 m, bakom Yulimar Rojas (15,67 m) VM 2022 i Eugene: Nr 8 – 14,29 m EM 2022 i München: Nr 5 – 14,41 m
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Patrícia Mamona» frå , den 30. april 2022.
World Athletics
Kategori:Portugisiske friidrettsutøvarar Kategori:Tresteghopparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Portugal Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Portugal Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Portugisiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020