Madeleine Peyroux () er ein amerikansk jazzsongar, gitarist og låtskrivar.
Bakgrunn Peyroux blei fødd i Athens i Georgia og voks opp i New York og California.
Då ho var tretten skilde foreldra hennar seg, og ho flytta med mor si til Frankrike og budde i Paris. To år seinare byrja ho å synga med gatemusikantar i Latinarkvarteret.
Karriere Peyroux blei med i ei tradisjonell jazzgruppe kalla The Riverboat Shufflers og deretter The Lost Wandering Blues and Jazz Band, som ho turnerte med i Europa.
Peyroux blei oppdaga av ein plateprodusent frå Atlantic Records, og selskapet gav ut debutalbumet hennar Dreamland i 1996. Ho spelte inn versjonar av jazzsongar frå 1930- og 1940-talet (framført av artistar som Billie Holiday, Bessie Smith og Fats Waller) med ei gruppe erfaren musikarar: James Carter, Cyrus Chestnut, Leon Parker, Vernon Reid og Marc Ribot. Eit år seinare song ho ein coverversjon av «Life is Fine» for eit tributtalbum til Rainer Ptacek.
I 2004 gav ho ut EP-en Got You on My Mind med William Galison. Hennar andre fulle album, Careless Love, blei produsert av Larry Klein og gjeve ut av Rounder Records. Det inneheldt coverversjonar av samtidige artistar som Bob Dylan og Hank Williams. Careless Love selde til gull sertifisert av Recording Industry Association of America (RIAA) etter å ha selt ein halv million eksemplar. Klein produserte også det neste albumet hennar, Half the Perfect World, som blei spelt inn med Jesse Harris, k.d. lang og Walter Becker. Half the Perfect World nådde 33. plass på Billboard si Top 200 album-liste. Klein og Becker arbeidde med Peyroux att på albumet Bare Bones (2009). For dette albumet skreiv ho alle songane sjølv, nokre av dei saman med Klein, Becker og Julian Coryell. To år seinare gav ho ut Standing on the Rooftop på Decca Records, produsert av Craig Street og spelt inn med Christopher Bruce, Charley Drayton, Me'shell Ndegeocello, Marc Ribot, Jenny Scheinman og Allen Toussaint.
I 2006 spelte ho inn eit live-opptak ved Abbey Road Studios i England som kom ut på albumet Live from Abbey Road. Det følgjande året vann ho Best International Jazz Artist ved BBC Jazz Awards.
I 2013 samanlikna ein musikkjournalist i New York Times vokalstilen til Peyroux med dei til Billie Holiday, Ella Fitzgerald og Edith Piaf. Songen hennar «A Prayer» blei brukt i fjernsynsserien Deadwood i 2005, og hennar versjon av «J'ai deux amours» var med i filmen Diplomacy (2014).
Utgjevingar Studioalbum 1996 – Dreamland 2004 – Careless Love 2006 – Half the Perfect World 2009 – Bare Bones 2011 – Standing on the Rooftop 2013 – The Blue Room 2014 – Keep Me in Your Heart for a While: Best of Madeleine Peyroux 2016 – Secular Hymns 2018 – Anthem
Singlar/EP-ar 2005 – Don't Wait Too Long 2005 – You're Gonna Make Me Lonesome When You Go 2005 – Dance Me to the End of Love 2006 – I'm All Right 2007 - 'Once in a While 2007 - ''''A Little Bit 2009 – Instead 2011 – The Party Oughta Be Comin' Soon 2012 – Changing All Those Changes
Samarbeid og gjesteopptredenarMed William Galison Got You on My Mind (Waking Up, 2004)Med The Lost Wandering Blues and Jazz Band Spreading Rhythm AroundMed The Sachal Ensemble' Song of Lahore (Universal, 2016)
KjelderDenne artikkelen bygger på «Madeleine Peyroux» frå , den 27. august 2018.''
Kategori:USA-amerikanske jazzsongarar Kategori:Folk frå Athens i Georgia