Magnus Bernhardsen () er ein norsk målmann og venstreaktivist frå Oslo. Han var leiar i Norsk Målungdom i åra 1998-2000, og arbeidde som organisasjonssekretær i Noregs Mållag frå 2000.
Barndom og oppvekst Magnus Bernhardsen budde dei fyrste leveåra sine på Tau i Ryfylke. Familien flytte til Veitvet i Oslo, og der har han budd sidan. Han gjekk på ålmenfagleg linje på vidaregåande ved Oslo katedralskole i 1992-95. Dessutan har han studert bibliotekfag i eitt år ved Høgskolen i Oslo.
Målsak Då han var leiar i Norsk Målungdom, profilerte Magnus Bernhardsen kampanjane «Ta flagget tilbake frå nazistane» (1998) og «Stogg urbanismen» (1999). Hausten 2000 tok han over etter Vidar Lund som organisasjonssekretær i Noregs Mållag sentralt.
Andre verv i og for målrørsla Leiar i Oslo Mållag 2000–2001 Medlem av skriftstyret for Mål og Makt (tidsskriftet til Studentmållaget i Oslo) 2000–2006. Styremedlem i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) frå 2001–2003.
Anna Bernhardsen er svært aktiv Vålerenga-supportar, og har vore medlem av hovudstyret i Klanen (2006-2007).
I 1995 skreiv han heftet Biji Kurdistan (utgjeve av Raud Ungdom, ISBN 82-992848-6-4) saman med Lars Julin etter ei reportasjeferd i Kurdistan.
Bernhardsen Bernhardsen Kategori:Folk frå Strand Bernhardsen