mini|Portalplankane frå Lisleherad stavkyrkje har fått hard medfart. Dei er no i Oldsaksamlinga i Oslo. mini|I Oldsaksamlinga er òg ein skulptur av Maria med barnet. Lisleherad stavkyrkje var ei stavkyrkje i Lisleherad i Notodden kommune i Telemark. Eldste kjende omtale er frå 1427Diplomatarium norvegicum IX, nr. 244., og stavkyrkja vart bygd om fleire gonger før ho vart riven for å gje plass til dagens Lisleherad kyrkje. Ved ei synfaring i 1668 vert det sagt at kyrkja har tre gavlar og ein omgang, idet gavlane av Lorentz DietrichsonDietrichson, s. 418. vert tolka som inngangar. Desse er altså markerte med gavlar på svalgangen. I 1730 er kyrkja skildra som lita og med tårn, og ho har framleis svalgangen intakt. I 1811 vart kyrkja utvida og bygd om. Dietrichson trur at det stavbygde skipet vart behalde, medan nye delar vart opførte i lafteverk. Kyrkja skal etter dette ha vore kald og trekkfull. Siste gudstenesta vart halde 2. juledag 1873. Så vart kyrkja riven, og den nye kyrkja vart innvigd i 1876.

Inventargjenstander fra stavkirken To portalplankar frå kyrkja er i Oldsaksamlinga, der ein òg finn ein madonnafigur og ei vasskanne med løveform.

Preikestolen i dagens Lisleherad kyrkjeAvbilda på Kyrkjesøk er overført frå stavkyrkja. Han er frå 1794 og vart teken i bruk ved ei restaurering i 1953–54, etter at den nye kyrkja hadde fått ny preikestol i 1876.

Kjelder

Brendalsmo, Jan: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Telemark (Riksantikvaren, 2015), s. 30–31

Bakgrunnsstoff

Fotnotar

Kategori:Tapte stavkyrkjer Kategori:Kulturminne i Notodden Kategori:Kyrkjer i Notodden Kategori:Tidlegare kyrkjer i Noreg