Ingar O. Skalpe () var ein norsk lege og forskar. Han tok medisinsk embetseksamen i 1958 og doktorgrad i nevroradiologi ved Rikshospitalet i 1974. Han var tilsett som overlege ved Tromsø Regionsykehus frå 1981 til 1983 og var seksjonsoverlege på nevroradiologisk avdeling på Rikshospitalet frå 1983 til han gjekk av med pensjon i 2003.

Forsking På 1970-talet arbeidde Skalpe med utprøving av ei rekkje kontrastvæsker som vart utvikla av mellom anna Nycomed. Føremålet var å finna ut av kva for ein type kontrastvæske som gav færrast biverknader og gav dei beste bileta for presis diagnostisering av sjukdomar i hovudet. Han vart seinare tildelt St. Olavs Orden for dette arbeidet.

Seinare karriere Skalpe var aktiv som foredragshaldar i nevroradiologi over heile verda på store delar av 1980- og 1990-talet. Han var i tillegg medstifter og første formann av Norsk nevroradiologisk forening.

På 1990-og 2000-talet var Skaple aktiv i debatten rundt rettargongen og avrettinga av Vidkun Quisling. Bakgrunnen for debatten var bøkane Quisling – En fører blir til (1991) og Quisling - En fører for fall (1992) skrivne av historikaren Hans Fredrik Dahl. I begge bøkane skreiv Dahl at Quisling vart utsett for fleire smertefulle medisinske eksperiment og feilmedisinering fordi ein ynskte å avdekka reint biologisk kva som gjorde Quisling til eit «geni». Påstandane vart sterkt kritisert i medisinske miljø og Skalpe skreiv fleire innlegg i m.a. Dagbladet som var kritiske til utsegnene.

Han var busett i Mjøndalen i Buskerud fylke.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Ingar O. Skalpe» frå , den 25. september 2018.

Bakgrunnsstoff Den norske legeforening Krangel-om-Quislings-hjerne-6329371.html Krangel om Quislings hjerne i Aftenposten Undersøkelsen av Quislings hjerne, Tidsskrift for Den norske legeforening

Kategori:Norske legar