Per Schjelderup Nissen () var ein norsk hærmann og «uvanleg produktiv» kartograf, son til Hartvig Nissen. Han var far til Hartvig Nissen og Kristian Nissen.

Per Nissen var offiser i det militære frå 1865. Han gjekk seinare den militære høgskulen og gjorde teneste i generalstaben. Samstundes arbeidde han i mange år i Norges geografiske oppmåling, både som avdelingssjef og perioden 1900-06 som direktør.

Frå 1885 til -92 underviste Nissen i militær taktikk ved Krigsskulen. Åra 1897-99 var han grensekommissær då grensa mellom Noreg og Russland vart gått opp. 1899-1900 militær rådgjevar ved statsrådsavdelinga i Stockholm. I 1905/06 arbeidde han som adjutant hos kong Haakon VII. I 1906 utnemnd til generalmajor og brigadesjef i Bergen. Etter han tok avskjed frå hæren i 1912 gav Nissen i 1914 ut Fædrelandet, en Norgesbeskrivelse for landsmænd hjemme og ute. Hovudarbeidet hans, Økonomisk-geografisk atlas over Norge, kom ut i 1921.

Formann fleire år i Norsk Geografisk Selskap.

Kjelder Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958

Kategori:Norske hærmenn Kategori:Norske generalar Kategori:Norske kartografar