mini|Cockpit Douglas DC-7 er eit firemotors propelldrive passasjerfly produsert av Douglas Aircraft Company frå 1953 til 1958. Flyet var det siste store propellflyet frå Douglas og kom berre få år før jetflya Boeing 707 og Douglas DC-8. Det vart produsert 338 fly. I 2020 var ingen av flya att i aktiv teneste.
Historia til flyet Pan American World Airways bestilte DC-7 i 1945, som ein sivil versjon av det militære transportflyet C-74 Globemaster. Flyselskapet kansellerte ordren like etter. American Airlines gjenoppliva prosjektet då dei sende ein førespurnad om eit fly med større rekkjevidd enn Douglas DC-6 til dei transkontinentale rutane sine. På denne tida var Lockheed Constellation det einaste flyet som kunne fly utan stopp tvers over USA frå kyst til kyst i begge retningar. Douglas var motvillig til å byggja flytypen inntil styreformannen i American Airlines, Cyrus Rowlett Smith, la inn ein ordre på 25 fly, med ein totalpris på 40 millionar dollar, noko som òg dekte utviklingskostnadane til Douglas.
Prototypen flaug i mai 1953 og American Airlines fekk sin første DC-7 i november. Flyselskapet sette han inn i teneste kyst til kyst i USA, noko som tok 8 timar og gjorde at konkurrenten TWA vart tvinga til å tilby same teneste med Super Constellation. DC-7 var likevel prega av ustabile motorar og fleire transkontinentale flygingar vart omdirigerte på grunn av motorfeil i lufta.
Dei tidlege DC-7-flya vart berre selde til amerikanske flyselskap. Europeiske selskap kunne ikkje ta fordel av den auka rekkjevidda i dei tidlege DC-7-modellane. Difor utvikla Douglas ein variant med utvida rekkjevidd; DC-7C «Seven Seas» i 1956. Pan Am brukte DC-7C på dei første direkte flygingane sine New York-London, og tvinga dermed BOAC til å gå til innkjøp av flyet i staden for å venta på levering av Bristol Britannia. Flytypen vart òg brukt av SAS til dei første flygingane over Nordpolen til destinasjonar i Nord-Amerika og Asia.
Likevel vart salet av flytypen dårleg på grunn av at Boeing 707 og Douglas DC-8 vart lansert nokre få år seinare. I 1959 starta Douglas med å konvertera DC-7A og DC-7C til DC-7F fraktefly, som utvida levetida til flytypen betrakteleg.
Tidlegare operatørar av DC-7 Alitalia American Airlines BOAC Braniff Airways Caledonian Airways Delta Air Line si Eastern Airlines Emirates Japan Airlines National Airlines Northwest Orient Panair Pan American World Airways Sabena SAS THY United Airlines Transair Sweden I dag er fleire DC-7 basert i det vestlege USA, og brukt som brannslokkingsfly. Nokre få andre er brukt som fraktfly. På grunn av motorproblema sine hadde ikkje DC-7 den same lange levetida som DC-6, som enno er i omfattande bruk i ulike selskap. Det amerikanske luftforsvaret såg heller ikkje noko potensial i flyet, men det vart likevel kjøpt inn som transportfly av nokre få utanlandske luftforsvar.
Norskregistrerte DC-7 SAS hadde i åra 1956 til 1967 tilsaman 16 stk DC-7 (14 stk DC-7 og to stk DC-7C fraktfly)
Av desse var fem registrert i Norges luftfartøyregister.
LN-MOB Torstein Viking LN-MOD Guttorm Viking LN-MOE Reidar Viking LN-MOG Leif Viking LN-MOF Roald Viking
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Douglas DC-7» frå , den 24. september 2018.
Bakgrunnsstoff
Boeing McDonnell Douglas page on DC-7 Airliners.net on the DC-7 Smithsonian National Air and Space Museum page on the DC-7 – viser panorama utsyn frå cockpit og fremste cabin
Kategori:Passasjerfly Kategori:Douglas-luftfartøy Kategori:Firemotors propelldrivne luftfartøy Kategori:Skipingar i 1953