Piledriver er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut i 1972. Det var det første som vart produsert av bandet sjølv, og det første på selskapet Vertigo, etter at dei avslutta kontrakten med Pye Records.

Den einaste singelen frå albumet, «Paper Plane» (av Francis Rossi og Bob Young), med B-sida «Softer Ride» (skriven av Rick Parfitt og Alan Lancaster), vart den første i ei rekkje på 33 topp 40-hittar på UK Singles Chart då han nådde åttandeplassen i november 1972. B-sida kom seinare ut på det følgjande albumet deira, Hello!, som kom året etter.

Sjølve albumet kom ut i desember det året og nådde femteplassen på den britiske albumlista, der det låg i 37 veker.

Innhald

Medverkande Francis Rossi - gitar, vokal Rick Parfitt - gitar, piano, orgel, vokal Alan Lancaster - bass, 12-strengs akustisk gitar, vokal John Coghlan - trommer, perkusjon

Andre medverkande Bob Young - munnspel på «Roadhouse Blues» Jimmy Horowitz - piano på «Roadhouse Blues»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piledriver» frå , den 3. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1972 Kategori:A&M Records-album Kategori:Status Quo-album Kategori:Vertigo Records-album Kategori:Album spelte inn i IBC Studios