mini|«Hindenburg» eksploderer i New Jersey i USA den 6. mai 1937. Herbert Morrison () var ein amerikansk reporter som er mest kjend for å ha kommentert Hindenburg-ulukka.
Morrisons radioopptak vart ikkje publisert før dagen etter. Delar av dette lydopptaket vart lagt til på eit filmopptak for å formidla hendinga tydelegare og dramatisera ulukka. Sendinga vart seinare ei av dei mest kjende både i medie- og flyhistoria. Det er særleg Morrison sitt utrop «oh, the humanity!» som vart kjent.
Det er likevel usikkert om han sa «oh, the humanity» eller «all the humanity». Morrison hadde tidlegare fleire gonger omtalt menneska på bakken som var i ferd med å få skipa trygt ned, som «mass of humanity». Han brukte difor orda då det vart tydeleg at det brennande vraket ville landa på bakkemannskapa under.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Herbert Morrison» frå , den 5. oktober 2018.
Kategori:USA-amerikanske journalistar