William Nygaard d.y. () er ein norsk forleggjar, tidlegare forlagssjef og administrerande direktør i forlaget H. Aschehoug & Co. A/S.

Frå 2013 til 2019 var han styreleiar i Norsk PEN. Han har vore styremedlem i Aschehoug-konsernet sine heil- og delvis åtte dotterselskap. Nygaard har òg vore styremedlem i Visjonær Teater og det samiske forlaget Davvi Girji. Frå 10. juni 2010 til juni 2014 var han styreleiar i NRK.

Bakgrunn

William Nygaard d.y. vart fødd i Oslo som son av forlagsdirektør Mads Wiel Nygaard (1898–1952) og Margrethe Louise Kildal (1911–2004) og soneson av forleggjaren og politikaren William Nygaard d.e., som var leiar for Aschehoug i over femti år. Både faren og farfaren døydde då William Nygaard var ni år gammal.

Nygaard studerte til siviløkonom ved Universität St. Gallen i Sveits i 1967. Han studerte litteratur ved Harvard University i USA i 1988. Han arbeidde i Forenede Annonsebyråer (no MMI – Markeds- og Mediainstituttet as) og i bedriftrådgjevarselskapet Asbjørn Habberstad A/S. I 1972 vart han disponent i Pedagogisk Forlag, eit dotterselskap til Aschehoug.

Aschehoug

William Nygaard vart forlagsdirektør i H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) A/S etter at Arthur Holmesland døydde i 1974.

Etter at Aschehoug tidlegare mest hadde utgjeve skule- og undervisingslitteratur, endra William Nygaard som ny forlagssjef profilen og politikken til forlaget ved å satsa på skjønnlitteratur og store bokverk. Nygaard satsa dessutan på sakprosa med eit breitt utgjevingsprogram innan dokumentar- og faktalitteratur. Dette omfatta både norske og omsette bøker og òg barne- og ungdomsbøker. Aschehoug innførte etterkvart eit nytt og variert billigbokprogram både med aktuelle samtidsforfattarar og med klassikere som Sigrid Undset og Johan Falkberget. William Nygaard var ein pådrivar i utgjeving av dei store nye bokverka forlaget etterkvart lanserte med mellom anna Norges kulturhistorie, Aschehougs verdshistorie, Norge i krig, Vestens tenkere, Husadvokaten, Norges musikkhistorie, Norsk idehistorie og Aschehougs norgeshistorie. I tillegg til dei store verka satsa forlagssjefen på store enkeltbøker, mellom anna dei eigenutvikla kunstbøkene om Munch, Vigeland, Grieg og Ibsen, og store internasjonale samproduksjonar som Aschehougs Barneleksikon.

William Nygaard var aktiv i å utvikla nye konsept omkring utgivinger med vekt på serier og identitet, gjort tydeleg gjennom bøkenes formgivning og design og riktig pris. Nygaards utdanning som siviløkonom og tidlegare røynsle frå konsulentverksemd ga nye impulsar i forlaget og medverka til at moderne marknadsføringmetodar vart teken i bruk med testing av bokpris, design og utstyr. Nytt direktesal vart òg utvikla som eit supplement til bokhandlere. Kunnskapane og røynslene på desse områda kunne William Nygaard òg ta med seg som styremedlem i dotterselskapa, både i bokklubbane, Forlagssentralen og Kunnskapsforlaget.

Forlagspolitikk Som styremedlem i Den norske Forleggerforening markerte William Nygaard seg tydeleg med eit engasjement for fastprissystemet og den norske Bokavtalen. Engasjementet dreidde seg om avtaleverket, men meir grunnleggjande dreidde det seg også om å få aksept for at omsynet til litteraturpolitikken måtte vegas i høve til den nye konkurransepolitikken.

Attentatforsøket i 1993 Den 11. oktober 1993 vart Nygaard skoten og livstruande skadd utanfor sin bustad. Fyrst 25 år seinare sikta Kripos fleire gjerningspersonar. Det vert anteke at bakgrunnen for attentatet var Aschehougs utgjeving av den kontroversielle romanen Sataniske vers av Salman Rushdie, som utløyste ein islamistisk fatwa mot forfattaren og omsetjarane av bok og forlegger. Etterforskinga av attentatet vart gjenopptatt i 2018, då ein konkluderte med at den opphavlege etterforskninga var mangelfull. Nygaard overlevde drapsforsøket og heldt fram som sjef i Aschehoug fram til 31. mars 2010. Då overtok sonen Mads Nygaard som konsernsjef i Aschehoug. I april 2024 vart saka henlagt av statsadvokaten i Oslo.

Prisar og utmerkingar

Fritt Ords Pris 1994 for sin innsats for ytringsfridomen 1998 Segerstedt-prisen 1998 riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1998 saman med Salman Rushdie æresdoktor ved Universitetet i Tromsø

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «William Nygaard d.y.» frå , den 11. oktober 2018.

Kategori:Medlemmar av Det Norske Akademi Kategori:Norske bedriftsleiarar Kategori:Norske forleggjarar Kategori:Norske siviløkonomar Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Æresdoktorar ved UiT Noregs arktiske universitet