Joan Baez, Vol. 2 var det andre studioalbumet til Joan Baez. Det kom ut i 1961 og som debutalbumet frå året før, består det hovudsakleg av tradisjonelle songar. Bluegrassbandet The Greenbriar Boys akkompagnerer ho på to songar. Joan Baez, Vol. 2 nådde 13. plassen på Billboard-lista og vart nominert til Grammyprisen for beste moderne folkemusikkalbum.
Nyutgjevinga til Vanguard inneheld tre bonusspor som ikkje var utgjeven før.
Mottaking
I meldinga si for Allmusic skreiv kritikaren Matt Fink om albumet: «Det utvalde materialet er verkeleg eksepsjonelt. «Pal of Mine» er utan tvil like livleg som då The Carters spelte han inn, men har her fått ein meir bluegrassstil med banjo og korvokal frå The Greenbriar Boys. Baez is er ein sann meister i handverket sitt, og sjølv om ho ikkje alltid har valt ut dei beste songane, er dei 14 tolkingane her like tidlause som songane sjølv... dette er eit album som alle fans av tradisjonell folkemusikk bør lytte til.»
Innhald
Alle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.
Medverkande Joan Baez – vokal, gitar The Greenbriar Boys – vokal, akkompagnement (spor B1-B2)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joan Baez, Vol. 2» frå , den 13. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1961 Kategori:Joan Baez-album Kategori:Album produserte av Maynard Solomon Kategori:Vanguard Records-album