Lubumbashi (tidlegare fransk namn Élisabethville, eller nederlandsk Elisabethstad) er største byen og provinshovudstad i Haut-Katanga lengst i sør i Kongo-Kinshasa (tidlegare Zaire). Han er med sine kring 1,5 millionar innbyggar den nest største byen i landet etter hovudstaden Kinshasa.

Lubumbashi er eit jernbaneknutepunkt og har ei internasjonal lufthamn. Byen er eit senter for gruvedrift i regionen, og huser mange av dei største gruveselskapa i landet. Det statlege gruveføretaket Gécamines har hovudkontoret sitt her. I byen finst det smelteverk for kopar og kobolt, og dessutan tekstil- og næringsmiddelindustri.

Historie Byen blei grunnlagt i 1910 som Élisabethville, kalla opp etter dronning Elisabeth av Belgia, kona til kong Albert I. I 1966 blei namnet endra til Lubumbashi. Britannica, Lubumbashi, britannica.com, vitja 7. juli 2019

Lubumbashi var ei tid hovudstad for den kortliva utbrytarrepublikken Katanga som etter sjølvstendet frå Belgia utropte seg som sjølvstendig frå resten av Kongo-Kinshasa.

Lubumbashi universitet blei oppretta i 1955. I byen finst òg ein zoologisk hage.

Fotballaget TP Mazembe kjem frå Lubumbashi.TP Mazembe Englebert (COD) Wayback Machine, FIFA.com.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lubumbashi» frå , den 19. oktober 2018.

Kategori:Byar i Kongo