Cathrine Zaborowski () er ein norsk tidlegare fotballspelar som vart europameister med Noreg i 1993. Ho fekk elles sølv i EM 1989, VM 1989 og EM 1991. Dessutan vann ho seks pokalar med Asker SK, fire i serien og to i cupen.
Zaborowski spelte på det norske topplaget Asker SK i åra frå 1987. Med klubben vann ho fire seriegull og to cupfinalar i sesongane frå 1988 til 1992. Etter 1993 var ho aktiv på North Carolina University sitt fotballag i USA.
Over ein seksårsperiode deltok Zaborowski i 68 landskampar for Noreg og skåra 7 mål. Allereie 17 år gammal var ho i 1988 med då Noreg vann ein uoffisiell verdsmeisterskap, etter finalesiger mot Kina. Sidan spelte ho tre EM-finalar i rad, den siste i 1993 enda med norsk triumf over vertslandet Italia. Den 30. november 1991 i Guangzhou var ho med på det norske laget som tapte 1-2 mot USA i VM-finalen.
Merittar Europameister: 1993 for Noreg EM-sølv: 1989 og 1991 for Noreg VM-sølv: 1991 for Noreg Seriemeister: 1988, 1989, 1991 og 1992 med Asker SK Noregsmeister: 1990 og 1991 med Asker SK
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Cathrine Zaborowski» frå , den 6. november 2018.
Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Asker-spelarar