Harvey Brooks () er ein USA-amerikansk bassist.
Ein av dei første kjende artistane Brooks spelte med var med Bob Dylan på albumet Highway 61 Revisited i 1965. Brooks spelte òg på konsertar i lag med Bob Dylan og det som kom til å bli The Band.
Seinare i 1960-åra spelte Brooks med mange forskjellgie artistar, som Eric Andersen, Richie Havens, Tom Rush og Jim & Jean og David Blue. I 1967 vart han medlem av The Electric Flag og spelte på filmmusikkalbumet til filmen The Trip (1967) med Peter Fonda, Dennis Hopper, Susan Strasberg, og skriven av Jack Nicholson.
Han spelte med Cass Elliot på Dream a Little Dream (1968) og på The Doors sitt The Soft Parade (1969). I 1970 fekk han høve til å arbeide med Miles Davis på Bitches Brew og seinare Big Fun i 1974.
Frå 1970-åra og frametter arbeidde Brooks på New Morning av Bob Dylan, med John Martyn, The Fabulous Rhinestones, Seals & Crofts, Fontella Bass, John Sebastian, Loudon Wainwright III, John Cale og Paul Burlison.
Brooks og kona flytta til Jerusalem i Israel i 2009.Brooks moves to Israel (Jerusalem Post)Brooks makes Aliyah
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Harvey Brooks» frå , den 6. november 2018. oppgav desse kjeldene: Larkin, Colin. The Guinness Encyclopedia of Popular Music, Guinness Publishing, 1992. Muirhead, Bert. The Record Producers File. A Directory of Rock Album Producers 1962–1984, Blandford Press, 1985.
Bakgrunnsstoff Brooks på YouTube Bass Musician - mars 2011
Kategori:USA-amerikanske jazzbassistar Kategori:USA-amerikanske rockegitaristar Kategori:USA-amerikanske studiomusikarar Kategori:Jefferson Starship-medlemmar Kategori:Jødisk-amerikanske musikarar Kategori:Musikarar frå Queens i New York City Kategori:The Electric Flag-medlemmar Kategori:USA-amerikanske rhythm and blues-bassistar Kategori:USA-amerikanske gitaristar