mini|The Rhodes Colossus: Karikatur frå Punch av Cecil John Rhodes som kolossen på Rhodos .

Jarnbane frå Kapp til Kairo var eit ufullendt forsøk på å forbinda Afrika frå nord til sør med jernbane. Prosjektet blei lansert av Cecil Rhodes i kolonitida, på slutten av 1800-talet. Bana skulle forbinda dei britiske koloniane og nærast danna ein ubroten korridor gjennom Afrika frå Cape Town i Sør-Afrika til Kairo i Egypt. Medan mesteparten av strekninga til slutt blei bygd, manglar det ein vesentleg del mellom Sudan og Uganda. I tillegg har mange av delane liten bruk grunna dårleg banetilhøve.

mini|venstre| I 1916 blei Tanganyika-territoriet lagd til områda og fylte eit av tomromma.

Bakgrunn for planen I det såkalla kappløpet om Afrika var den britiske koloniseringa av Afrika nært knytt opp til ein plan om ei samanhengande jarnbane frå Kappkolonien til Kairo. Cecil Rhodes var ein av fleire imperiebyggjarar som sikra dei sørlege statane i kontinentet for den britiske krona. Han såg for seg ein «raud korridor» av britiske dominion frå nord til sør, og ei jarnbane ville vera det viktigaste elementet til å sameina dei britiske besittelsane, både politisk og militært. Men bygginga av banen ville verta ei stor utfordring på grunn av dei topografiske og klimatiske tilhøve og – ikkje minst politisk, og tilhøvet til andre kolonimakter.

Til bygginga henta britane ei stor mengd arbeidarar, eller «kuliar», frå Britisk India. Desse danna grunnlaget for den indiske folkesetnaden i Afrika.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Kapp til Kairo-jernbanen» frå , den 78. november 2018.

Denne artikkelen bygger på «Cape to Cairo Railway» frå , den 30. mai 2019.

Bakgrunnsstoff

Ei ferd frå Cairo til Kenya i 1935 Kommentarar til eit jarnbanesamband mellom Sudan og Mombasa

Kategori:Imperialisme Kategori:Jarnbane Kategori:Afrika