mini|René Descartes Cogito ergo sum (latin), på norsk eg tenkjer, altså er eg, er den filosofiske grunnsetninga til René Descartes.Cogito, ergo sum, snl.no Frasen vart først brukt på fransk i Discours de la Methode (1637), og på latin i Principia philosophiae (1647).

Descartes sitt utgangspunkt var å tvila på absolutt alt, men at det ikkje er rasjonelt å tvila på sin eigen eksistens medan ein tvilar. Descartes meinte at dersom ein demon freista å få ein til å tenkja at ein eksisterer, så må ein eksistera for å kunna lurast av demonen. Utsegna må altså vera sann.https://www.britannica.com/topic/cogito-ergo-sum

Dubito, ergo cogito, ergo sum, eg tvilar, difor tenkjer eg, difor er eg, er ei anna form, skriven av Antoine Léonard Thomas i eit essay om Descartes i 1765.

Descartes meinte at alt som er medvites eksistens naudsynlegvis må eksistera, og at vi, uavhengig av sansane kan slutta at Gud må eksistera.Descartes' Ontological Argument Dersom Gud ikkje bedreg sansane våra må den skapte og objektive verda eksistera, og innførte den «cartesiske dualismen», eit skilje mellom ånd og materie, og subjekt og objekt.René Descartes, filosofi.no

Kritikk Søren Kierkegaard var kritisk til eg-et i «cogito ergo sum». X tenkjer, og sjølv om eg er X, kan tenkinga gjort av X skiljast frå eksistensen min. Descartes føreset, i følgje Kierkegaard, at det er eg-et som gjer tenking, og at «cogito ergo sum» vert ein type sirkelagrument.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cogito ergo sum» frå , den 8. november 2018.

Referansar

Bakgrunnsstoff Cogito ergo sum i Britannica

Kategori:Latinske ord og uttrykk Kategori:Filosofi