Niels Christensen Gjelstad, eller Nils Kristensen Gjelstad, () var ein norsk-amerikansk skipsbyggjar og stortingsmann, fødd i Våle i Vestfold.
Niels Christensen busette seg i Hedrum i 1848. Han kjøpte då gardsbruket Øvre Gjelstad. Ned ved Numedalslågen starta han opp med skipsbygging, der han stod for bygginga av briggane Columbus og Washington. Han fekk skipa sparebank i Hedrum og var frå 1854 til 1859 ordførar i Hedrum herad. Gjelstad var 1. varamann til Stortinget 1857-58 frå valkrinsen Jarlsberg og Larviks amt, møtte i 1858 i staden for Georg Harbitz. Deretter vart Gjelstad vald til å representere same valkrinsen på Stortinget 1859-60, han var då medlem i Kyrkjekomiteen. Gjelstad var ein kjend lekpreikar og var 1859-60 medlem av kyrkjekommisjonen.
Gjelstad «opnaadde en overdreven værditakst på sin eiendom for et laan i Kreditkassen», noko som førte til at han gjekk konkurs. Den 15. mai 1863 vart han av Høgsterett dømd til 9 års straffarbeid for falskneri. Etter seks år på Akershus festning vart han sett fri og reiste så til USA i september 1869, der han døydde i Barron County i Wisconsin i 1878. Han var ein tur til Noreg i 1872.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Hedrum bygdebok II:221
Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861