McGuinn, Clark & Hillman er eit studioalbum frå 1979 av Roger McGuinn, Gene Clark og Chris Hillman, som alle tidlegare var med i det originale The Byrds.

Bakgrunn Dei tre musikarane var alle på turné i Storbritannia med kvar sine band, då dei ved eit høve delte scene. Kort tid etter dei kom attende til USA byrja Clark og McGuinn å spele i lag som ein akustisk duo. Etter at Hillman slo seg saman med dei tidlegare bandkollegaene sine, skipa dei ein trio og fekk kontrakt med Capitol Records. Albumet vart produsert av The Albert Brothers (som nyleg hadde produsert Crosby, Stills & Nash sitt comebackalbum frå 1977). Clark skreiv fire songar for albumet, inkludert «Backstage Pass», «Release Me Girl» (eit disco-aktig samarbeid med Thomas Jefferson Kaye), den UFO-inspirerte «Feelin' Higher» og «Little Mama».

Mange kritikarar kritiserte den glatte produksjonen og den disco-aktige softrockstilen. Albumet selde likevel godt og nådde 39. plassen på Billboard 200 og McGuinn-songen «Don't You Write Her Off» vart gjeven ut på singel og nådde 33. plassen i mai 1979. Albumet selde til gullplate, som var nok til at bandet ønskte å spele inn ein oppfølgjar.

Innhald

Medverkande Roger McGuinn - gitar, vokal Gene Clark - gitar, vokal Chris Hillman - bass, gitar vokal George Terry - akustisk og elektrisk gitar, piano Greg Thomas - trommer Paul Harris - klaverinstrument Joe Lala - perkusjon John Sambataro - gitar, korvokal Charles Chalmers, Sandra Chalmers, Donna Rhodes - korvokal Mike Lewis - blåsar- og strykararrangement

Produksjon Produsent: Howard Albert, Rob Albert Lydteknikar og miksing: Don Gehman Assisterande lydteknikar: Kevin Ryan Kunstnarisk leiar: Roy Kohara Fotografi: Jim McCrary Notat i omslaget: Stephen K. Peeples

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gene Clark» frå , den 7. januar 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Roger McGuinn-album Kategori:Gene Clark-album Kategori:Chris Hillman-album Kategori:Musikkalbum frå 1979 Kategori:Capitol Records-album