It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best er debutalbumet til den amerikanske folk-bluesmusikaren Karen Dalton, gjeve ut i 1969 på Capitol Records.
Albumet vart sidan gjeve ut på CD av Koch i 1997. I 2006 kom albumet ut på Megaphone med ein DVD som synte gamle filmklipp av Dalton. I 2009 kom albumet nok ein gong ut, denne gongen på vinyl på Light In The Attic Records.
Albumet vart produsert av Nick Venet, som produserte fleire av albuma til Fred Neil.
Allmusic skreiv om albumet: «Plata er interessant og godt laga, men ville ha vore langt viktigare om ho hadde kome ut fem år før. I 1969 var slike songarar venta å skrive mykje av sine eigne songar (Dalton skreiv ingen) og bruke ei rockeinstrumentering.»
Innhald
Medverkande Karen Dalton - 12-strengsgitar, banjo, vokal Kim King - elektrisk gitar Dan Hankin - akustisk gitar Harvey Brooks - bass Gary Chester - perkusjon
Teknisk Lillian Douma, Sandy Fisher - lydteknikarar Joel Brodsky - fotografi
Kjelder Denne artikkelen bygger på «It's So Hard to Tell Who's Going to Love You the Best» frå , den 8. januar 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Karen Dalton-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Capitol Records-album Kategori:E1 Music-album Kategori:Musikkalbum produserte av Nick Venet Kategori:Plateomslag av Joel Brodsky