Aslaug Fadum, fødd Olsen, () var stortingsrepresentant frå Vestfold for Senterpartiet i perioden 1973-77.

Fadum byrja arbeide som hushjelp. Under verdskrigen tok ho handelsskuleeksamen, jobba elles som pakkar fram til ho gifta seg i 1948. Deretter var ho husmor og gardkone. Frå 1961 til -69 var ho formann i Sem bondekvinnelag. Sidan 1969 var ho styremedlem i Vestfold Senterparti og elles formann i Vestfold bondekvinnelag. Perioden 1972-75 var ho medlem Sem kommunestyre, der ho hadde plass i formannskapet.

Under nominasjonsmøtet til Senterpartiet i Vestfold før stortingsvalet 1973 vart Fadum vald til fylkespartiet sin fyrstekandidat, etter ei kampvotering mot ordføraren i Ramnes, Torstein Håland. Dermed toppa ho ei fellesliste for Senterpartiet og Venstre. Med god margin kom ho inn på Stortinget, der ho var sekretær i Sosialkomiteen. Ho lukkast ikkje verte attvald i 1977.

Etter åra på Stortinget var Fadum med i ei rekke råd og utval. Såleis hadde ho verv i Gjensidige og Den norske Creditbank. Perioden 1982-88 var ho styremedlem i Den norske stats oljeselskap. Lokalt var Fadum formann i Sem sokneråd og frå 1996 i Sem Diakonal. Åra 1995-99 leia ho jubileumskomitéen for Sem kyrkje, og ho redigerte Festskrift til Sem Kirkes 900 års jubileum.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1973-1977 Kategori:Folk frå Tønsberg