Søren Berg Sørensen Moen () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lenvik i Troms som vart vald til stortingsrepresentant hausten 1945.

Moen var son til ein småbrukar. Han gjekk i yngre år Troms fylkes landbruksskule på Gibostad og var sjølv gardbrukar frå 1930. Frå 1926 til han døydde var Moen med i Lenvik kommunestyre, ordførar 1935-40. Ved stortingsvalet hausten 1945 vart han vald til å representere Troms valkrins og Arbeidarpartiet på Stortinget. Sjukdom gjorde at han ikkje møtte på Stortinget i det heile, men var permittert til han døydde på Haukeland sjukehus i Bergen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Folk frå Lenvik