Bull of the Woods er det tredje og siste studioalbumet til den amerikanske psykedelisk rock-gruppa The 13th Floor Elevators. Albumet er kjend for den stemningskapande, drauamnde og fuzz-dominerte psykedeliske lyden, og vart gjeven ut på International Artists.

Bakgrunn

Innspelinga av albumet kom i gang kort tid etter Easter Everywhere var ferdig, og hadde arbeidstitlane Beauty and the Beast og seinare A Love That's Sound. Musikarane på albumet bestod av Roky Erickson, Stacy Sutherland, Tommy Hall, Danny Thomas og Duke Davis, i tillegg til Ronnie Leatherman på bass, som vart henta attende til bandet etter at Davis slutta. Bandet var i ferd med å bli oppløyst under innspelinga. Roky Erickson og Duke Davis er berre med på fire songar, og Tommy Hall er berre med på ein.http://www.headheritage.co.uk/unsung/thebookofseth/thirteenth-floor-elevators-bull-of-the-woods Dei attverande sju spora vart berre spelt inn med Sutherland, Thomas og Leatherman. Dei fleste songane spelte inn våren 1968 vart skrota og albumet vart fullført hausten 1968. Gitaristen Stacy Sutherland skreiv fem av songane aleine, og fire til i lag med Tommy Hall. Albumet kom først ut i mars 1969 som Bull of the Woods, men då var gruppa alt oppløyst.

I 2009 vart albumet gjeve ut med bonusspor som ein del av boksen «Sign of the 3-Eyed Men». Samlinga inkluderte òg ein rekonstruksjon av eit «tapt», tredje album, A Love That's Sound, som hovudsakleg bestod av songar som ikkje var gjevne ut før, og tidlege versjonar av songane som seinare kom med på Bull of the Woods.

Innhald

Medverkande Musikarar Roky Erickson – vokal på spor 1, 4, 9, 11, rytmegitar Stacy Sutherland – sologitar, vokal på spor 2-3, 5-8, 10 Tommy Hall – elektrisk krukke Ronnie Leatherman – bass på spor 2-3, 5-8, 10 Duke Davis – bass på spor 1, 4, 9, 11 Danny Thomas – trommer, blåsearrangement

Teknisk Ray Rush – produsent Fred Carroll – lydteknikar Jim Duff – lydteknikar Hank Poole – lydteknikar Lloyd Sepulveda – plateomslag

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bull of the Woods» frå , den 29. mai 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:The 13th Floor Elevators-album