Jefferson Leonardo Pérez Quezada () er ein ecuadoriansk tidlegare kappgjengar frå Cuenca som vart olympisk meister på 20 km i 1996, sidan vart han 2003-07 trefaldig verdsmeister på distansen.

Aktiv Pérez vann 20 kilometer kappgang i Panamerika-leikane 1995 på tida 1.22.53. Året etter vart han den yngste olympiske gullvinnaren i kappgang då han under sommarleikane 1996 i Atlanta vann 20-kilometeren framom Ilja Markov frå Russland og med Bernardo Segura frå Mexico på bronseplass. Dermed tok Pérez Ecuadors fyrste olympisk gullmedalje nokon gong. Etter triumfen gjekk og jogga han den 459 kilometer lange vegen frå hovudstaden Quito til heimbyen Cuenca.

I 1999-sesongen vart Pérez nummer tre på 20 km i Panamerika-leikane i Winnipeg og nummer to i verdsmeisterskapen i Sevilla. Fire år seinare gjekk han til topps på distansen både ved Panamerika-leikane og i verdsmeisterskapen. I VM-tevlinga i Paris sette han livsrekord på distansen med tida 1.17.21. Pérez forsvarte VM-tittelen i Helsinki i 2005, og på ny i Osaka i 2007. I alle desse tre meisterskapane viste han spanjolen Francisco Javier Fernández til sølvplass. Nokre veker før Friidretts-VM 2007 hadde Pérez sikra seg i Rio de Janeiro sin tredje triumf i Panamerika-leikane. Han avslutta tida som aktiv kappgjengar med å vinne sølvmedaljen på 20 km under dei olympiske leikane 2008 i Beijing.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1992 i Barcelona: Braut 20 km VM 1995 i Göteborg: Nr 20 på 20 km – 1.34.20 OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 1.20.07, framom Ilja Markov (1.20.16) VM 1997 i Aten: Nr 14 på 20 km – 1.24.46 VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje på 20 km – 1.24.19, bakom Ilja Markov (1.23.34) OL 2000 i Sydney: Nr 4 på 20 km – 1.20.18 VM 2001 i Edmonton: Nr 8 på 20 km – 1.22.20 VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 1.17.21, framom Francisco Javier Fernández (1.18.00) OL 2004 i Aten: Nr 4 på 20 km – 1.20.38 og nr 12 på 50 km – 3.53,04 VM 2005 i Helsinki: Gullmedalje – 1.18.35, framom Francisco Javier Fernández (1.19.36) VM 2007 i Osaka: Gullmedalje – 1.22.20, framom Francisco Javier Fernández (1.22.40) OL 2008 i Beijing: Sølvmedalje på 20 km – 1.19.15, bakom Valerij Bortsjin (1.19.01)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jefferson Pérez» frå , den 30. mai 2019.

World Athletics

Kategori:Ecuadorianske friidrettsutøvarar Kategori:Kappgjengarar Kategori:Olympiske meistrar for Ecuador Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Ecuador Kategori:Ecuadorianske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Ecuadorianske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Ecuadorianske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Ecuadorianske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2008 Kategori:Ecuadorianske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008