Grateful Dead er eit konsertalbum av rockebandet Grateful Dead. Det kom ut i oktober 1971 på Warner Bros. Records og var det andre konsertalbumet deira. Sjølv om det kom ut utan tittel, vert det ofte kalla Skull and Roses (på grunn av omslaget) og Skull Fuck (namnet bandet ønskte å gje albumet, men som vart avvist av plateselskapet). Det var det første albumet deira som selde til gullplate i USA og var det bestseljande albumet deira før det vart forbigått av Skeletons from the Closet.

Innspeling og utgjeving I motsetnad til Live/Dead inneheld albumet fleire solo- og korvokal spor spelte inn i stuio. For dei tre nye songane på albumet («Bertha», «Playing in the Band» og «Wharf Rat»), inviterte bandet Jerry Garcia-venen Merl Saunders til å leggje på orgel. Dette gjorde at orgelet til Saunders er meir tydeleg enn orgelet til Pigpen, som er meir gravlagd i miksen.

«Playing in the Band» vart ein del spelt på radio, og vart ein av dei mest spelte songane til Grateful Dead på konsertane deira. Ein studioversjon av songen kom ut året etter på rytmegitaristen Bob Weir sitt soloalbum Ace). Avslutningssporet der «Not Fade Away» glir over i «Goin' Down The Road Feeling Bad» vart òg ein del spelt på radio og vart ein fan-favoritt.

Plateomslaget, laga av Alton Kelly og Stanley Mouse, er basert på ein illustrasjon av Edmund Joseph Sullivan for ei gammal utgåve av Rubaiyat of Omar Khayyam. Sjølv om albumet stort sett vert kalla «Skull & Roses», kunne det originale omslaget brettast ut slik at heile skjelettet vart synleg. Biletetet vart eit av dei som er nærast knytt til bandet.

Opningssporet «Bertha» vart opphavleg tona inn på originalutgåva av albumet, men heile songen er nytta på CD-utgåva og digitale utgåver av albumet. Fleire songar frå dei same konsertane vart sidan gjevne ut på Ladies and Gentlemen... the Grateful Dead.

Singelen «Johnny B. Goode» (ein delt singel med Elvin Bishop) var i røynda versjonen frå albumet Fillmore: The Last Days. Versjonen på albumet vart sidan nytta som B-sida til nyutgjevinga av singelen «Truckin'».

Albumet vart ommastra og utvida med bonusspor for plateboksen The Golden Road i 2001.

Innhald

Medverkande

Grateful Dead Jerry Garcia – sologitar, vokal Bob Weir – rytmegitar, vokal Phil Lesh – bassgitar, vokal Bill Kreutzmann – trommer Ron «Pigpen» McKernan – orgel, munnspel, vokal

Andre medverkande Merl Saunders – orgel på «Bertha», «Playing in the Band» og «Wharf Rat»

Teknisk Betty Cantor – innspeling Alton Kelly – kunstverk Bob Matthews – innspeling Bob Seidemann – fotografi

Salslister og salstrofé Billboard ÅrListePlassering1971Pop Albums25http://www.allmusic.com/artist/grateful-dead-mn0000988440/awards RIAA i USA SertifiseringDatoGull15. november 1971

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Grateful Dead (album)» frå , den 2. juni 2019.

Kategori:Konsertalbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Bill Kreutzmann Kategori:Album produserte av Bob Weir Kategori:Album produserte av Jerry Garcia Kategori:Album produserte av Phil Lesh Kategori:Album produserte av Ron «Pigpen» McKernan Kategori:Konsertalbum av Grateful Dead Kategori:Konsertalbum frå Fillmore East Kategori:Warner Bros. Records-album