Erica Alfridi () er ein italiensk tidlegare kappgjengar frå Tregnago i Verona-provinsen. Ho vann sølv i kappgang ved EM 1998 og bronse ved EM 2002.

Aktiv Alfridi meisterskapsdebuterte internasjonalt med ein femteplass i VM 1997. Året etter kneip ho sølvmedaljen på 10 km ved europameisterskapen i Budapest, sekundet framom Susana Feitor frå Portugal og fem skundar attom gullvinnaren, hennar eiga landskvinne Annarita Sidoti.

Frå 1999 tevla dei kvinnelege kappgjengarane i 20 kilometer. Her vart Alfridi nummer seks i VM 1999 og nummer fire både i Sommar-OL 2000 og VM 2001. I september 2001 vann ho distansen under Mellomhavs-leikane i Rades i Tunisia, der ho og landskvinna Elisabetta Perrone på andreplass fekk same tid. Alfridi avslutta internasjonalt med å vinne bronsemedaljen på 20 km då europameisterskapen 2002 fann stad i München.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1997 i Aten: Nr 5 på 10 km – 43.59,7 EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje på 10 km – 42,54, bak Annarita Sidoti (42.49) VM 1999 i Sevilla: Nr 6 på 20 km – 1.32.04 OL 2000 i Sydney: Nr 4 på 20 km – 1.31.25 VM 2001 i Edmonton: Nr 4 på 20 km – 1.29.48 EM 2002 i München: Bronsemedalje på 20 km – 1.28.33

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Erica Alfridi» frå , den 7. juni 2019.

World Athletics

Kategori:Italienske kappgjengarar Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000