Hansine Hansen () var ein norsk lærar og gardbrukar på bruket Breivik Søndre i Tromsø. Ho testamenterte eigedomen sin til Troms fylkeskommune med atterhald om at han vart bruka til å bygge «Gårbrukerdøtrenes høiskole». I dag ligg store delar av UiT Noregs arktiske universitet, Botanisk hage i Tromsø, og Ishavsbyen videregående skole på eigedomen.

Biografi Hansine Hansen tok lærarutdanning ved Seminaret i Tromsø (som var forgjengaren til dagens lærarutdanning ved UiT Noregs arktiske universitet), og arbeidde ved Tromsø folkeskole (som i dag heiter Gyllenborg skole).

Ho var sterkt engasjert i Bondeungdomslaget (BUL). I tillegg var ho med i lokale lag som støtta fattige, einslege kvinner og mødre.

I 1929 tok ho over drifta på familiegarden.

I 1938 overdrog Hansine Hansen delar av eigedomen til Troms fylke for utdanningsføremål, og resten av eigedomen vart testamentert til fylket etter hennar død. På eigedomen stod mellom anna eit fjos som vart nytta som skulefjos ved Borgtun skule fram til det vart rive i 2008.

Ettermæle Hansine Hansen har ei gate i Tromsø kalla opp etter seg, i tillegg til Hansine Hansens tun og Kafé Hansine Hansen i Botanisk hage i Tromsø.

I 2019 var det premiere på dokumentaren Ho Hansina i Breivika, av Sirrka Seljevold.

Referansar

Kategori:Folk frå Tromsø Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske gardbrukarar frå 1900-talet