mini|San pao tai, ein urtete frå huifolket i Lanzhou i Kina. Urtete er ein drikk laga av friske eller tørka urter eller krydder. Ein kan bruka blad, blomar, frukter eller røter til å laga urtete, anten heile, i stykke eller i pulverform. Teen kan lagast som uttrekk, det vil seia ved å leggja plantematerialet i varmt vatn over tid, eller ved å koka det i vatn.

Ein kan laga urtete heime, eller kjøpa ferdige pulver eller teposar. Teen kan drikkast varm eller kald. Populære typar blir ofte selde på flaske som leskedrikk.

Til skilnad frå te laga av materiale frå teplanten, inneheld urtetear som regel ikkje koffein. Dei kan i staden innehalda andre stoff, og kan til dømes brukast til urtemedisin. Høge dosar av visse typar urtete kan ha skadelege verknadar.

Helserisiko Dei fleste urtetear er trygge å drikka til vanleg, men ein del urter kan innehalda giftstoff eller forårsaka allergiske reaksjonar. Nokre plantar ein bør passa seg for er:

Valurt, som inneheld alkaloid som kan vera skadelege for leveren ved langvarig bruk, og særleg ikkje er anbefalt å innta ved svangerskap eller saman med ein del medisinar. Lobelia, som inneheld alkaloid, kan føra til kvalme, oppkast eller svimmelheit ved høge dosar.

Urter frå visse stader kan innehalda ugrasmiddel eller tungmetall som kan vera skadelege.

Vanlege typar mini|Ulike plantedelar som kan brukast til å laga urtete. mini|Bambusbladte frå Korea. mini|Urteteblanding med rooibos, kokos, ingefær, kanel, eple, kardemomme, svart pepar og mandel. mini|Kaffiblomte mini|Ginsengte på flaske.

Ein kan laga urtete av dei fleste etande plantedelar, og kombinera ulike slag delar. Nokre vanlege typar urtete er:

Aniste, anten laga av frøa eller blada til planten Asiaskjoldblad (Centella asiatica), blada blir brukt til te i Sør- og Søraust-Asia Artisjokkte Bael (Aegle marmelos) Boldo (Peumus boldus), brukt i Sør-Amerika Bringebærblad Bokkveitete, kjend som sobacha i Japana Borrete Byggte, austasiatisk drikk av røsta bygg Cerasse, ein bitter urt frå Jamaica Dillte Fenikkel Furunålte Ingefærrot kan brukast til urtete. Denne typen te er kjend som salabat på Filippinane. Ginseng, populær i Kina og Korea, ofte brukt som stimulant og i staden for koffein. Goji Granbarte Gresk fjellte (Sideritis syriaca) er ein populær te på Balkan og Middelhavslanda. Gurkemeiete Hibiskuste (ofta blanda med nyper), drukken varm eller kald i Midtdausten, på Okinawa i Japan, og brukt i ayurvedisk og tradisjonell kinesisk medisin Houttuynia Hortensiate, tørka blad av visse hortensiaslag. Mange artar inneheld giftstoff. «Trygge» plantar høyrer til Hydrangea serrata Amacha ('søt te') kultivargruppe.C.J. van Gelderen; D.M. van Gelderen. 2004. Encyclopedia of Hydrangeas. Timber Press. 280 s. Jiaogulan, også kjend somxiancao eller 'fattigmanssginseng' Kamomille Kanel Kavarot, frå Sør-Stillehavet, ofte brukt for å gjera folk avslappa eller snakksalige.

Karve, teen blir laga av frøa Kokate, uttrekk av kokablad. Inneheld sporstoff av kokain og liknande alkaloid. Kakaotre Kaffiplante. Blad, frukt og blomar kan trekkast til te. Kratom, tørka blad frå kratomtreet, drukke for medisinske og stimulerande effektar. Krysantemumte, laga av tørka blomar, er populær i kinesisk kultur Kuzuyu, ein tjukk kvit te frå Japan laga gjennom å blanda kudzupulver med varmt vatn Labradorte, laga av tre arktiske rhododendronartar Luo han guo Lakrisrot Legevendelrot, brukt bedøvande Lindeblomar Lindera benzoin (|Spicebush), urfolk frå austlege Nord-Amerika har brukt blada til å laga te Lotusfrøte Løvetann, der røtene har vore brukte som kaffierstatting Monarda (hestemynte) Myntete, særleg med peparmynte Moringa Myske (Galium odoratum) Neemblad Nesleblad Nonite Nypete Oksusu cha, tradisjonell te frå Korea av rista mais Olivenbladte Osmanthus fragrans av tørka blomar Pandan (Pandanus amaryllifolius) Patchoulite Prikkperikum Qishr, drikk frå Jemen av kaffiskal og ingefær Raudkløverte Rista ris, kjend som hyeonmi cha i Korea Rooibos (Red Bush), raudleg plante frå Sør-Afrika. Rosellhibiskus, drukken i Sahel og andre stader Rosmarin Ryllik Sakurayu, japansk urtete laga med sylta kronblad av kirsebærblomar Salvie Sassafras Scutellaria barbata Sitrongras Sitronmelisse Sitrusskal, mellom anna frå bergamott, sitron og appelsin Solhatt (Echinacea) Stevia Taskeblom (Ceanothus americanus) Timian, inneheld tymol, som er antiseptisk Tulsi eller heilag basilikum Uncaria tomentosa Valmuete, kan ha bedøvande eigenskapar Verbena Vetiver (Chrysopogon zizanioides) Voksagurk i Aust- og Søraust-Asia.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Herbal tea» frå , den 12. juli 2019.

Kategori:Drikke