mini|Det første ensembelet i Det norske Theater med mellom anna Johannes Brun, Louise Brun, Andreas Isachsen, Fredrikke Nielsen, Lucie Wolf og Jacob Prom.

Det norske Theater var eit teater i Bergen skipa i 1850 og nedlagd i 1863, då det gjekk konkurs. Ole Bull og medhjelparar som Frits Jensen og Magdalene Thoresen fekk i gang drifta av teateret, som sidan hadde både Henrik Ibsen og Bjørnstjerne Bjørnson som tilsette.

Teateret blei innvigd med ei førestilling på stiftingsdagen den 2. januar 1850, ein dato som også i åra etter blei feira med premiereførestillingar. Det første stykket som blei spelt var Den Vægelsindede av Ludvig Holberg.

Frits Jensen fekk ansvaret for å instruera unge, uerfarne skodespelarar. Det norske Theater gav førestillingar kvar onsdag og søndag i vår- og haustsesongen. Teateret heldt til i Komediehuset på Engen, som var bygd i 1800. I 1876 blei Den Nationale Scene opna i den same bygningen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Det norske Theater» frå , den 3. september 2017.

Denne artikkelen bygger på «Det norske Theater (Bergen)» frå , den 3. september 2017.

Bakgrunnsstoff Almquist, Olaf: Johannes Brun. En skildring af hans liv og hans samtidige af... med kunstnerens dagbog i uddrag. Kristiania 1898. Albert Cammermeyer. Bang, Herman: Af Dagens Krønike. København 1889. Blanc, Tharald: Norges første nationale Scene (Bergen 1850-1863). Et Bidrag til den norske dramatiske Kunsts Historie. Kristiania 1884. Albert Cammermeyer. Blytt, Peter: Minder fra den første norske Scene i Bergen i 1850-Aarene. (2. opl.). 1907. "Den første nationale Scene i Bergen" (s. 19-28). Folkebladet No. 2. 31te Januar 1900. Kroepelien, Johan Fredrik (Red): Ibsen i Bergen. Bergens historiske forenings skrifter nr. 101. Bergen 2006. Bodoni forlag. ISBN 82-7128-403-7 (ib) / ISBN 82-90846-16-9 (h). Nielsen, Fredrikke: Minnen från min barndom och mina första ungdomsår. Ibsenhuset og Grimstad Bymuseum. Skrifter nr. 7. Oslo 1998. Novus Forlag. ISBN 82-7099-294-1 (h). Paulsen, John: Samliv med Ibsen. Nye erindringer og skitser. København 1906. Paulsen, John: Billeder fra Bergen. Barndoms- og Ungdomsminder. Gyldendalske Boghandel, nordisk Forlag. Kristiania og Kjøbenhavn 1911. Sperati, Octavia: Teatererindringer. Gyldendalske Boghandel, nordisk Forlag. Kristiania og Kjøbenhavn 1911. Sperati, Octavia: Fra det gamle Komediehus. Gyldendalske Boghandel, nordisk Forlag. Kristiania og Kjøbenhavn 1916. Wolf, Lucie: Livserindringer. Andet oplag. Kristiania 1897.

Kategori:Tidlegare teater i Noreg Kategori:Kultur i Bergen Kategori:Historie i Bergen