Johan Lukas Wissman () er ein svensk tidlegare friidrettsutøvar frå Helsingborg. Han vann sølvmedaljen på 200 meter under EM i friidrett 2006 i Göteborg og sigra på 400 meter ved innandørs-EM 2009 i Torino.

Aktiv Wissman vart andremann på 200 meter i innandørs-VM 2004 med tida 20,72 sekundar, 0,06 sekund attom vinnaren Dominic Demeritte frå Bahamas. Under europameisterskapen 2006 i Göteborg forbetra Wissman i semifinalen den svenske rekorden på 200 meter til 20,38. I finalen tangerte han rekorden og sikra seg sølvmedaljen, einast Francis Obikwelu som representerte Portugal sprang fortare.

Frå 2007 satsa Wissman mest på 400-meteren. Under verdsmeisterskapen 2007 sette han nordisk rekord på distansen med 44,56 sekundar, før han i finalen sprang i mål på 44,72 og vart sjuandemann. Fire veker etter VM forbetra Wissman den svenske 200-meterrekorden til 20,30 sekundar då IAAF-finalane fann stad i Stuttgart. I Sommar-OL 2008 tok Wissman seg til 400- meterfinalen på ny, der enda han på åttande og sisteplass.

I mars 2009 sprang Wissman inn til siger på 400 meter ved innandørs-EM i Torino. Perioden 2002-14 vart han svensk meister 14 gongar; ein gong på 100 m, 8 på 200 m og 5 på 400 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2001 i Edmonton: Utslått i 4 x 400 m stafett (3.04,0=nr 16) EM 2002 i München: Utslått i semifinalane på 200 m (=nr 23) VM 2003 i Paris: Utslått i semifinalane på 200 m (20,66=nr 14) OL 2004 i Aten: Utslått i kvartfinalane på 200 m (20,74=nr 21) VM 2005 i Helsinki: Utslått i kvartfinalane på 200 m (21,16=nr 17). Utslått 4 x 400 m stafett (3.03,6=nr 12) EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje på 200 m – 20,38, bakom Francis Obikwelu (20,01) VM 2007 i Osaka: Nr 7 på 400 m – 44,72 OL 2008 i Beijing: Nr 8 på 400 m – 45,39 VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane på 400 m (=nr 24) EM 2010 i Barcelona: Utslått i semifinalane på 200 m (20,77=nr 9) EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane på 400 m (46,35=nr 10) EM 2014 i Zürich: Utslått i forsøka på 200 m (20,82=nr 18) og på 400 m (46,93=nr 33) EM 2016 i Amsterdam: Utslått i semifinalane på 200 m (=nr 24) og i 4 x 100 m stafett (39,37=nr 11)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Johan Wissman» frå , den 7. august 2019.

World Athletics

Kategori:Svenske sprintarar