Per-Owe Trollsås () var ein svensk sprintar og hekkeløpar frå Vaplan i Jämtlands län, død i Järfälla kommun i Stockholms län. Han vann sølvmedaljen i 400 meter hekk då EM i friidrett 1958 fann stad på svensk heimebane.
Aktiv Trollsås vart svensk meister på 100 meter i 1952, ein prestasjon han gjentok året etter. Sidan vann han i den svenske meisterskapen 400 meter hekk fire år i rad, 1957-60. Under europameisterskapen 1958 på Stockholms stadion sette han i semifinalen svensk rekord på langhekken med 51,0 sekundar, ein rekord som gjaldt fram til 1970-sesongen. I EM-finalen fekk han notert 51,6 og vann sølvmedaljen, eit halv sekund bakom vinnaren Jurij Litujev frå Sovjetunionen.
Under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma rauk Trollsås ut allereie i forsøka på 400 m hekk, etter eit løp på 52,49 sekundar (=nr 17). Han sprang også ein etappe for Sverige i 4 x 400 meter stafett, laget vart sist i semifinalane.
Han la opp i 1961.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «PerOwe Trollsås» frå , den 9. august 2019.
World Athletics
Kategori:Svenske sprintarar Kategori:Hekkeløparar Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960