Bouabdellah Tahri () er ein fransk tidlegare mellom- og langdistanseløpar frå Metz. Han spesialiserte seg i 3 000 meter hinder og var i tida 2001-11 ein av dei beste i verda på øvinga. Tahri vann bronsemedaljen i hinderløpet under VM 2009, der han sette europarekord med 8.01,1.
Aktiv Tahri var ein av verdas beste hinderløparar i tiåret frå verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I denne perioden vart han nummer 5, 5, 8, 5, 3 og i 4 verdsmeisterskapane, og han vart høvesvis fjerde-, tredje- og andremann i europameisterskapane, medan han i OL 2004 kom på sjuandeplass og i OL 2008 på femteplass.
Tahri gjorde sitt livs løp då han under verdsmeisterskapen i Berlin i august 2009 fylgde tre kenyanarar heilt inn til målstreken, og klarte splitte trioen med di han kneip bronsemedaljen på ny europarekord 8.01,1, ein rekord som gjeld ti år seinare. Den 29. juni 2010 presterte Tahri 8.03,7 i eit stemne i heimbyen Metz, årsbeste på 3 000 m hinder i verda det året.
Tahri sine personlege rekordar elles er 3,32,7 på 1500 meter, 13.12,2 på 5 000 m og 27.31,4 på 10 000 meter, alle oppnådd i tida 2011-14. Han la opp i 2016.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1998 i Budapest: Nr 10 i 3 000 m hinder – 8.41,4 VM 1999 i Sevilla: Nr 12 i 3 000 m hinder – 8.25,5 VM 2001 i Edmonton: Nr 5 i 3 000 m hinder – 8.19,5 EM 2002 i München: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.26,8 VM 2003 i Paris: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.10,6 OL 2004 i Aten: Nr 7 i 3 000 m hinder – 8.14,2 VM 2005 i Helsinki: Nr 8 i 3 000 m hinder – 8.19,9 EM 2006 i Göteborg: Bronsemedalje i 3 000 m hinder – 8.27,1 VM 2007 i Osaka: Nr 5 i 3 000 m hinder – 8.20,2 OL 2008 i Beijing: Nr 5 i 3000 m hinder – 8.14,7 VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje i 3 000 m hinder – 8.01,1 EM 2010 i Barcelona: Sølvmedalje i 3 000 m hinder – 8.09,2, bakom Mahiedine Mekhissi-Benabbad (8.07,8) VM 2011 i Daegu: Nr 4 i 3 000 m hinder – 8.17,5 EM 2014 i Zürich: Nr 6 på 5 000 m – 14.11,6, nr 7 på 10 000 m – 28.26,0
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Bouabdellah Tahri» frå , den 28. august 2019.
World Athletics
Kategori:Franske hinderløparar Kategori:Franske langdistanseløparar Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 1998 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 1999 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2001 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2002 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2003 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2005 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2006 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2007 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2009 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2011 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2014