Paweł Januszewski () er ein polsk tidlegare hekkeløpar frå Pyrzyce som vart europameister i 400 meter hekk i 1998.
Aktiv Januszewski gjorde sitt livs løp i finalen ved europameisterskapen 1998 i Budapest der han sette polsk rekord på langhekken med tida 48,17 sekundar og kneip gullmedaljen, hardt pressa av russaren Ruslan Masjtsjenko. Året etter sigra Januszewski i øvinga ved universiaden i spanske Palma de Mallorca og han vart femtemann i VM-finalen i Sevilla. Etter sjetteplassar i OL 2000 og VM 2001, avslutta Januszewski med å ta bronsemedaljen på spesialdistansen under europameisterskapen 2002 i München.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1994 i Helsinki: Utslått i semifinalane (49,95=nr 12) VM 1995 i Göteborg: Utslått i forsøket (49,43=nr 18) OL 1996 i Atlanta: Utslått i forsøket (49,63=nr 24) VM 1997 i Aten: Utslått i semifinalane (48,94=nr 13) EM 1998 i Budapest: Gullmedalje – 48,17, framom Ruslan Masjtsjenko (48,25) VM 1999 i Sevilla: Nr 5 – 48,19 OL 2000 i Sydney: Nr 6 – 48,44 VM 2001 i Edmonton: Nr 6 – 48,57 EM 2002 i München: Bronsemedalje – 48,46
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Paweł Januszewski» frå , den 29. august 2019.
Denne artikkelen bygger på «Paweł Januszewski» frå , den 29. august 2019.
World Athletics
Kategori:Polske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000