The Left Banke Too er det andre studioalbumet til den amerikanske barokkpopgruppa The Left Banke, gjeve ut på Smash Records i 1968. Det var det siste albumet dei gav ut medan dei eksisterte. Det neste albumet kom ikkje ut før i 1986.
Bakgrunn Mellom utgjevinga av debutalbumet til The Left Banke, Walk Away Renee/Pretty Ballerina og dette albumet, hadde det originale femmannsbandet blitt korta ned til ein trio, etter at låtskrivaren og klaverspelaren Michael Brown og gitaristen Rick Brand hadde slutta. For å erstatte dei henta bandet inn gitaristen Tom Feher, som hadde skrive songar med Brown for det første albumet.
Halve The Left Banke Too bestod av songar som var gjevne ut som singlar sidan utgjevinga av debutplata i februar 1967. «Desirée» kom ut på singel i juni 1967 og nådde så vidt Billboard Hot 100-lista med ein 98. plass. Dei to neste singlane deira, «Dark is the Bark», som kom ut sommaren 1968, og «Goodbye Holly» som kom ut i november 1968, gjekk ikkje in på listene. Etter albumet kom ut i november 1968, vart ein fjerde og femte singel gjevne ut, «Bryant Hotel» og «Nice To See You», men ingen av desse gjekk heller inn på singellista.
Ein ung Steven Tyler, då kjend som Steve Tallarico, og som seinare vart frontmann i Aerosmith, song korvokal på fleire av songane på albumet, som «My Friend Today» og «Dark is the Bark».
Heile albumet kom ut på CD i 1992 som ei del av samlinga There's Gonna Be a Storm: The Complete Recordings 1966–1969.
Innhald
Side ein
Side to
Medverkande Steve Martin Caro — solovokal; trommer (på «Goodbye Holly»), tamburin (på «Nice To See You»), bass (på «Bryant Hotel») Tom Finn — bass, gitar, korvokal; solovokal (på «Nice to See You» & «There's Gonna Be A Storm») George Cameron — trommer, perkusjon, korvokal; solovokal (på «Goodbye Holly» and «Bryant Hotel») Tom Feher — piano; gitar (på «Sing Little Bird» & «Bryant Hotel») Michael Brown — piano, orgel (på «Desirée» & «In The Morning Light»)
Andre medverkande Steve Tallarico — korvokal (på «Nice to See You», «Give the Man a Hand», «Dark is the Bark» & «My Friend Today»), tamburin («Dark is the Bark») Paul Griffin — klaverinstrument (på «Dark is the Bark») Paul Leka — strykearrangement; piano (på «Bryant Hotel») Rick Brand — banjo (på «Bryant Hotel») Hugh McCracken — gitar (på «Desirée» & «Dark is the Bark») Ralph Casale — gitar (på «Dark is the Bark») Marvin Potocki — gitar (på «Give the Man a Hand») Chet Amsterdam — bass (på «Dark is the Bark») Joe Mack — bass (på «Desirée») Bobby Gregg — trommer (på «Desirée») Artie Schroek — vibrafon, trommer, strykearrangement (på «Dark is the Bark») John Abbott — blåsearrangement (på «In the Morning Light») Ray Alonge — valthorn (på «Dark is the Bark») Ray Desio — trombone (på «Dark is the Bark») Marvin Stamm — trompet (på «Dark is the Bark») George Young — treblåseinstrument (på «Dark is the Bark»)
Salslister Singlar ÅrSingelListePlassering1967«Desiree»Billboard Hot 10098
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «The Left Banke Too» frå , den 2. september 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1968 Kategori:The Left Banke-album Kategori:Smash Records-album