The Pretty Things er debutalbumet til det engelske rockebandet The Pretty Things, utgjeve i 1965. Det består hovudsakleg av coverlåtar innan R&B og rock and roll. Det vart gjeve ut ei britisk og ei amerikansk utgåve av albumet, der det amerikanske inneheld singlane som ikkje kom med på albumet i Storbritannia. Ei nyutgjeving i 2000 inneheld alle songane frå begge versjonane av albumet.

Innspeling Innspelinga av debutalbumet skal ha vore ei legendarisk øving innan anarki, og berre 30 minuttar inn i dei to innspelingsdagane reiste den originale produsenten Jack Baverstock, som òg var sjef for plateselskapet deira, seg og gjekk ut. Albumet vart laga under rettleiing av trommeslagaren Bobby Graham. I lag danna dei eit album som i følgje Allmusic «fekk den tidlege musikken til The Rolling Stones, til å høyrast ut som The Beatles: særs kalkulert, lett og fornem. The Pretty Things spelte praktisk talt kvar einaste song og instrument der nåla var pressa opp på raudt.»

Medverkande Phil May, solovokal Dick Taylor, sologitar Brian Pendleton, rytmegitar, korvokal John Stax, bassgitar, munnspel, korvokal Viv Prince, trommer Bobby Graham, trommer

Innhald Britisk utgåve

Amerikansk utgåve

2011-utgåva Albumet kom ut på CD i lag med oppfølgjaralbumet Get the Picture? som the pretty things get the picture? Begge platene inneheldt bonusspor. Pretty Things, the Pretty Things Get the Picture? CD, Madfish, Snapper Music, 2011

Salslister The Pretty Things nådde sjetteplassen og låg ti veker inne på UK Albums Chart i 1965. +SinglarÅrSingelListePlassering1964«Rosalyn» / «Big Boss Man»UK411964«Don't Bring Me Down» / «We'll Be Together»UK101965«Honey I Need» / «I Can Never Say»UK13

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Pretty Things (album)» frå , den 9. september 2019. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Debutalbum frå 1965 Kategori:The Pretty Things-album Kategori:Fontana Records-album Kategori:Album produserte av Bobby Graham Kategori:Philips Records-album Kategori:Repertoire Records-album Kategori:Sundazed Records-album Kategori:Norton Records-album Kategori:Victor Entertainment-album