John Stax () er ein engelsk musikar, mest kjend som den første bassisten i The Pretty Things. Han tok namnet «Stax» fordi han likte musikken frå Stax Records. Pretty Things, the Pretty Things Get the Picture? CD , liner notes by Pierre Perrone, Madfish, Snapper Music, 2011, liner notes

Han spelte på alle hitsinglane deira midt på 60-talet, inkludert "Rosalyn", "Don't Bring Me Down", "Road Runner" og "Cry to Me". Brown, Tony, Jon Kutner & Neil Warwick, The Complete Book of the British Charts: Singles and Albums, Omnibus Press, London, 2002 p. 795 Han song ofte korvokal og bidrog òg med munnspel. Han spelte på dei tre første albuma til The Pretty Things, The Pretty ThingsThe Pretty Things, Fontana, TL 5239 1965, liner notes, Get The Picture?The Pretty Things, Get the Picture?, Fontana TL 5280, 1965, liner notes og Emotions, sjølv om det er ukjen kva han bidrog med på siste albumet. Stax slutta i bandet i januar 1967, berre ein månad etter rytmegitaristen Brian Pendleton gav seg. Stax flytta til Australia der han framleis bur og byggjer og sel sigarboksgitarar. Han vart med The Pretty Things på turneen deira i Australia i 2012.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «John Stax» frå , den 9. september 2019. oppgav desse kjeldene: On AllMusic

Kategori:Engelske bassistar Kategori:The Pretty Things-medlemmar