mini|Hovudkvarteret til akademiet i Moskva. mini|Det første hovudkvarteret til Det keiserlege vitskapsakademiet - Kunstkammer i St. Petersburg.

Det russiske vitskapsakademiet (russisk Российская академия наук (РАН), Rossijskaja akademija nauk (RAN)) består av Russlands nasjonalakademi, og eit nettverk av vitskaplege institutt frå heile Russland, som driv med forsking og har støtteinsitusjonar som vitskaplege bibliotek og forlag.

Akademiet har hovudkvarteret sitt i Moskva, og er ein sivil, sjølvstyrt, ikkje-kommersiell organisasjon. Presidenten til akademiet er Gennady Krasnikov (sidan 2022).

Medlemskap Det er tre typar medlemskap i RAN: fullt medlemskap (akademikarar), korresponderande medlemmar og utanlandske medlemmar. Akademikarar og korresponderande medlemmar må vera innbyggjarar i Russland. Medlemmane vert valde basert på dei vitskaplege bidraga sine. Det er ei stor ære å veljast til medlem i akademiet. Ein medlemskap varar livet ut.

I januar 2026 var det 840 fulle medlemmar (inkludert 31 akademiske professorar), ~445 utanlandske medlemmar og 1119 korresponderande medlemmar (inkludert 188 professorar); resten av dei 578 professorar er ikkje medlemmar av RAN.See, e.g., Members of the Academy, on the Academy website (permanently actualized).

Struktur RAS består av 13 greiner etter vitskapleg område, av vier territoriale greiner og av 15 regionale vitskapssenter. Akademiet har mange råd, komitear og kommisjonar, oppretta med ulike føremål.Структура РАН Strukturen til RAN

Historie Akademiet vart grunnlagt i St. Petersburg av Peter den store, etter råd frå Gottfried Leibniz.Об Академии oppretta av den russiske regjeringa Det vart kalla St. Petersburg Vitskapsakademi mellom 1724 og 1917. Dei som vart inviterte til å arbeida der var blant anna matematikarane Leonhard Euler, Christian Goldbach, Georg Bernhard Bilfinger, Nicholas og Daniel Bernoulli, botanikeren Johann Georg Gmelin, embryologisten Caspar Friedrich Wolff, astronomen og geografen Joseph-Nicolas Delisle, fysikaren Georg Wolfgang Kraft og historikaren Gerhard Friedrich Müller.

Under leiing av prinsessa Jekaterina Dasjkova (1783–96) var akademiet engasjert i innsamlingsarbeidet til den store Akademiske ordboka over det russiske språket. Ekspedisjonar for å utforska fjerne delar av landet hadde vitskapsmenn frå akademiet som leiarar eller aktive deltakarar. Blant desse var Vitus Bering sin andre ekspedisjon til Kamtsjatka i 1733–43, og Peter Simon Pallas sine ekspedisjonar til Sibir.

I desember 1917 møtte Sergej Oldenburg, ein leiande etnograf og politisk aktivist i kadettpartiet, Lenin for å diskutera framtida til akademiet. Dei var samde om at ekspertisen til akademiet måtte brukast i samband med spørsmål om statsbygging, og til gjengjeld ville Sovjetregimet gje akademiet finansiell og politisk støtte.

I 1925 anerkjende regjeringa av Sovjetunionen St. Petersburgs vitskapsakademi som Den høgaste vitskaplege institusjonen til unionen, og namnet vart endra til Det sovjetiske vitskapsakademiet.

I 1934 vart hovudkvarteret til akademiet flytta frå Leningrad (tidlegare St. Petersburg) til den russiske hovudstaden Moskva, saman med fleire andre akademiske institutt.

Etter samanbrotet av Sovjetunionen fekk akademiet namnet Det russiske vitskapsakademiet, og overtok alle anlegga til Det sovjetiske vitskapsakademiet på russisk territorium.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Det russiske vitenskapsakademi» frå , den 23. september 2019.

Bakgrunnsstoff

Kategori:1720-åra i Russland Kategori:Skipingar i 1724 Kategori:Vitskapsakademi Kategori:Vitskap og teknologi i Russland Kategori:Sovjetunionen